St. Paul skole




Koordinatar: 60°23′19.694″N 5°19′24.391″E





































St. Paul skule
St. Paul skole - Bergen.jpg

Skuletype Grunnskule
Grunnlagt 1873
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Adresse Christies gate 16
5015 Bergen
Rektor Ronny Michelsen
Klasser 1.–10. trinn
Elevar 336

St. Paul skole er ein romersk-katolsk fleirkulturell barne- og ungdomsskule i Bergen, organisert som sjølvstendig kyrkjeleg stifting under Oslo katolske bispedømme (som dekkjer heile den sørlege luten av Noreg for den romersk-katolske kyrkja). Skulen er drive som privatskule med offentlege tilskott i medhald av privatskulelova, og fekk status som offentleg juridisk person i samsvar med kanonisk rett (romersk-katolsk kyrkjeleg rett) ved dekret dagsett 16. mai 2008 av biskopen i Oslo katolske bispedømme.


Undervisninga ved skulen skal ha et høgt fagleg nivå i samsvar med det som gjeld for norsk grunnskole, og fylgje læreplanar som er godkjende av den katolske biskopen og norske skulestyresmakter. Det liturgiske livet skal vere ein integrert del av livet ved skulen.


Skulen vart skipa i 1873 som kyrkjelydsskule for den romersk-katolske St. Paul menighet i Bergen, og har vore i kontinuerleg drift sidan dess. Skulen er framleis fyrst og fremst ein skule for born som høyrer heime i denne kyrkjelyden. St. Franciskus Xaverius Kongregasjonen (Franciskus-systrene) har hatt det meste av ansvaret for drifta av skulen, både med omsyn til økonomien og lærekreftene, frå dei vart etablert i 1901 og fram til 1970, då dei offentlege tilskotta etter den dåverande privatskulelova gav skulen økonomisk tryggleik. Men òg i tida etter dette har systrene ytt ein avgjerande innsats for å trygge verksemda og den vidare utviklinga ved skulen. I dag har skulen om lag 340 elevar på fyrste til tiande klassesteg, med sju klassar på barnesteget og seks klassar på ungdomssteget.



Bakgrunnsstoff og kjelder |



  • Skulens heimeside

  • Skulens statuttar








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva