Kanozero
Kanozero | |
innsjø | |
Land | Russland |
---|---|
Tilsig | Umba |
Utløp | Umba |
Høgd over havet | 52 moh |
Lengd | 32 km |
Breidd | 6 km |
Koordinatar | Koordinatar: |
Wikimedia Commons: Kanozero | |
Kanozero (russisk Канозеро) er ein innsjø langs elva Umba i Murmansk oblast i Russland.
Innsjøen er 32 km lang og 3-6 km brei. Han ligg om lag halvvegs mellom innsjøen Umbozero og Kvitsjøen. Umba renn ut i innsjøen på austsida, om lag 5 km frå nordenden. To av dei største sideelvane til Umba, Kana og Muna, renn ut i Umba via Kanozero.
Innsjøen har to utsig. Ved Zasjejek-Kanozero heilt sør i innsjøen går Rodvinga-kanalen ut via Kanoserskijfossane, medan Kitsakanalen 5 km lenger nordaust renn ut over Padunfossane. Kanalane renn saman i innsjøen Pontsjozero om lag 10 km lenger nede.
Kanozero er òg kjend for Kanozero-helleristningane.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Lake Kanozero» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2008.
|