Iskăr









































Iskăr

elv

IskaratGerman.JPG

Iskar ved German i provinsen Sofia

Land

Flag of Bulgaria.svg Bulgaria

Nedslagsfelt
8 646 km²


Lengd
368 km

Kjelde
Ved fjelltoppen Damga i Rila i Bulgaria.
 - høgd
2 500 moh.
Munning

Donau, nord for Gigen i provinsen Pleven



Wikimedia Commons: Iskar River


Iskăr (bulgarsk Искър; latinsk Oescus) er den lengste elva som berre renn innanfor Bulgaria, og er ei av sideelvane til Donau. Ho har ei lengd på 368 km.


Iskăr oppstår frå tre elvar, Tsjerni Iskăr (Svarte Iskăr), Beli Iskăr (Kvite Iskăr) og Levi Iskăr (som i lag går under namnet Iskrove). Kjelda til Iskăr vert rekna som Prav Iskăr, ei av sideelvane til Tsjerni Iskăr. Etter ho har kome ned frå den nordlege sida av Rila renn ho ut i Iskăr-reservoaret, det største i Bulgaria. Elva renn nær Sofia, og passerer gjennom eit juv i Balkanfjella. Ho munnar så ut i Donau nær landsbyen Gigen i provinsen Pleven. Iskăr er den einaste elva med utspring sør i Bulgaria som renn gjennom Balkanfjella og ut i Donau.




Iskar-juvet i Balkanfjella


Iskăr renn gjennom sju provinsar i Bulgaria: Hovudstaden Sofia, provinsen Sofia, provinsen Pernik, provinsen Vratsa, provinsen Pleven og provinsen Lovetsj. Elva er hovudvasskjelda for Sofia.


Geologisk sett er Iskăr den eldste elva på Balkan, og den einaste elva som har halde på den opphavlege retninga si, trass i fleire geologiske endringar i området.



Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Iskar frå Engelsk Wikipedia .






















Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?