Sandnes kommune

Multi tool use
Sandnes kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land |
![]() |
|
---|---|---|
Fylke |
Rogaland |
|
Adm.senter |
Sandnes |
|
Areal |
304 km² |
|
- land |
286 km² |
|
- vatn |
18 km² |
|
Folketal |
76 328 (1. januar 2018) |
|
Folketettleik |
267 / km² |
|
Målform |
nøytral |
|
Ordførar |
Stanley Wirak (Ap) |
|
Kommunenr. |
1102 |
|
![]() | ||
Wikimedia Commons: Sandnes | ||
Nettstad: www.sandnes.kommune.no | ||
Sandnes kommune er ein kommune på Nord-Jæren i Rogaland fylke.
Kommunen er med 000000000076328.000000000076 328 innbyggjarar den åttande største kommunen i Noreg. Sandnes er administrasjonssenteret i kommunen og er den sjuande største byen i Noreg. Kommunen har ei flatevidd på til saman 304 km².
Gjennom dei siste tjue åra har innbyggjartalet årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9 %. Sandnes er den byen i landet som veks mest. Truleg vil veksten halda fram på same vis dei komande åra.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Sandnesgauken
3 Kjøpesenterkommune
4 Kjende sandnesgaukar
5 Fotnotar
6 Bakgrunnsstoff
Historie |

Sandnes om natta, sett frå Bogafjell (sør for byen). E39 på veg inn mot byen. Stavanger heilt i bakgrunnen
Sandnes si historie kan sporast attende heile 6-7.000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad.
I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010. I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galdt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes.
Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.
Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Øglænd og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.
Sandnesgauken |
I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein Sandnesgauken. Ein Sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen.
Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan kalla seg sandnesar, sandnesbu eller sandnesgauk.[1]
Kjøpesenterkommune |
I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Steen & Strøm Kvadrat ligg på Lura i Sandnes nord. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.
Kjende sandnesgaukar |
Bjørn Maaseide - sandvolleyballspelar
Torkel Ravndal - vektløftar
Eli Oftedal Sømme - kunstnar
Bjørg Tørresdal - politikar
Jørgen Langhelle - [skodespelar]
Jonas Øglænd - industrigrunnleggjar
Fotnotar |
↑ «Sandneser, sandnesbu eller gaug?» i Sandnesposten 24.03.2009
Bakgrunnsstoff |
- Nettsidene til Sandnes kommune
Kommunar i Rogaland | ||
---|---|---|
|
![]() |
|
J2utr,tJYjiqcGG0pimi NMRBT,alcfFS,0UuPUzD EH99YS1 9V63Y2k,5