Mellombels kvartermeister




Mellombels kvartermeister eller utskriven kvartermeister (forkorta m/Kvm) er ein grad som kan besettast av vernepliktige under fyrstegongsteneste i Sjøforsvaret. Tidlegare var dette personell som hadde sivil utdanning som til dømes skipsførar eller maskinsjef. Dei hadde då kommandomyndigheit og halv kvartermeisterløn. I dag held tradisjonen fram på ein måte som kan samanliknast med eit underoffiserskorps. Det vert gjerne plukka ut spesielt eigna personell til å vere befalet som er "nærast" dei meinige. Mogelege stillingar kan vere vaktkommandør, assisterande klasseforstandar, kursinstruktør med fleire. Storleiken på ansvar og oppgåver varierer frå avdeling til avdeling. Dei vert rekna for å vere befal på same måte som til dømes ein UB-korporal. M/Kvm skal gå gjennom eit trevekers instruktør- og befalskurs, og misser graden ved dimmisjon. M/Kvm har same uniform som ein kvartermeister, men har ei raud stripe i staden for gull. Ein mellombels kvartermeister får same løn som korporal eller utskriven leiande meinig. Dei fleste stillingane finn ein på KNM Tordenskjold på Haakonsvern Orlogsstasjon, men ein finn dei òg på til dømes KS Norge og enkelte NATO-hovudkvarter. Det er inga tilsvarande grad i Hæren og Luftforsvaret.



Sjå òg |



  • Kvartermeister-aspirant

  • Kvartermeister



Bakgrunnsstoff |


  • Plansje over norske gradar

















Grad under

Militære gradar
Grad over

Korporal
i Hæren og Luftforsvaret

Sersjant

Utskriven leiande meinig

Sjøforsvaret

Kvartermeister



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva