Tommy Shannon
Tommy Shannon | |
Tommy Shannon på scenen i 2006 | |
Fødd | 18. april 1946 (72 år) |
---|---|
Fødestad | Tucson i Arizona i USA |
Fødenamn | Thomas Lafitte Smedley |
Opphav | USA |
Aktiv | Sidan 1962 |
Sjanger | Bluesrock, Texas blues |
Instrument | Bass, gitar |
Tilknytte artistar | Stevie Ray Vaughan, Double Trouble, Johnny Winter, Arc Angels, Storyville |
Plateselskap | Epic, Legacy, Sony, Geffen, Atlantic |
Verka som | Musikar |
Tommy Shannon (fødd 18. april 1946 som Thomas Lafitte Smedley) er ein USA-amerikansk bassgitarist, som er mest kjend som medlem av Double Trouble, eit bluesrockband leia av Stevie Ray Vaughan. Han var fødd i Tucson i Arizona og flytta til Dumas i Texas då han var ni, der han byrja som gitarist. 21 år gammal byrja han å spele bass. Han spelte med Johnny Winter på Woodstockfestivalen i 1969. Han kom seinare inn i Double Trouble i 1981 og vart permanent medlem av bandet fram til Vaughan døydde i 1990. Shannon og bandkollega Chris Layton skipa seinare supergrupper som Arc Angels og Storyville.
Shannon vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Double Trouble i 2015.[1]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Tommy Shannon» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2018.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «Rock Hall confirms members of Paul Butterfield Blues Band, the Blackhearts and Double Trouble being inducted», Cleveland Plain Dealer, 4. mars 2015
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Tommy Shannon
- Offisiell nettstad
|