Rock and Roll, Hoochie Koo
Rock and Roll, Hoochie Koo Song av Johnny Winter And frå albumet Johnny Winter And | ||
Utgjeve | 1970 | |
Innspelt | 1970 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 3:29 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Rick Derringer | |
---|---|---|
Produsent | Johnny Winter, Rick Derringer |
«Rock and Roll, Hoochie Koo» er ein rockesong skriven av Rick Derringer.[1] Han vart først spelt inn i 1970 av Johnny Winter And, bandet til Johnny Winter i 1970-1971, der Derringer var medlem. I 1973 spelte Derringer inn sin eigen versjon av songen og denne vart då den einaste topp 40-hitten han fekk som soloartist, då songen nådde 23. plassen på Billboard Hot 100.[2] Både Winter og Derringer har spelt inn fleire konsertversjonar av songen og fleire andre artistar har òg spelt songen.
Originalutgåva |
«Rock and Roll, Hoochie Koo» vart først spelt inn av Johnny Winter i 1970 med bandet «Johnny Winter And», som inkluderte Rick Derringer og andre tidlegare medlemmar av The McCoys. I følgje Derringer «den første songen eg skreiv for Johnny var 'Rock and Roll, Hoochie Koo'. 'Rock and Roll' for å oppfylle rock and roll-kravet eg var meint å ta med meg til bandet, og 'Hoochie Koo' for å tilfredstille kongen av blues-kjensla som Johnny var meint å oppretthalde. Og det fungerte veldig bra».[3] Songen kom ut på albumet Johnny Winter And og nådde 154. plassen på Billboard 200-lista.[4]
Andre utgåver |
Rick Derringer spelte inn songen i 1973 for det første soloalbumet sitt, All American Boy. Derringer sin versjon vart mykje spelt på radio i 1970-åra. Derringer spelte inn fleire konsertversjonar av songen gjennom åra.[1] Derringer sin versjon er nytta i fleire filmar som The Spirit of '76 (1990), Rush (1991), Dazed and Confused (1993), Stag (1997) og What a Girl Wants (2003).
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Rock and Roll, Hoochie Koo» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2018.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,1
Erlewine, Stephen Thomas. «Rock and Roll, Hoochie Koo – Song Review». AllMusic. Henta 2. september 2018.
↑ «Rick Derringer - Chart history | Billboard». www.billboard.com. Henta 2. september 2018.
↑
Sullivan, Mary Lou (2010). Raisin' Cain: The Wild and Raucous Story of Johnny Winter. Backbeat Books. s. 139–140. ISBN 978-0-87930-973-2.
↑
«Johnny Winter – Billboard albums». AllMusic. Henta 2. september 2018.
Johnny Winter | |
---|---|
Studioalbum | 1968 The Progressive Blues Experiment · 1969 Johnny Winter · Second Winter · 1970 Johnny Winter And · 1973 Still Alive and Well · 1974 Saints & Sinners · John Dawson Winter III · 1977 Nothin' but the Blues · 1978 White, Hot and Blue · 1980 Raisin' Cain · 1984 Guitar Slinger · 1985 Serious Business · 1986 Third Degree · 1988 The Winter of '88 · 1991 Let Me In · 1992 Hey, Where's Your Brother? · 2004 I'm a Bluesman · 2011 Roots · 2014 Step Back |
Konsertalbum | 1971 Live Johnny Winter And · 1976 Captured Live! · Together (med Edgar Winter) · 1998 Live in NYC '97 · 2007 Breakin' It Up, Breakin' It Down · 2009 The Woodstock Experience (med forskjellige artistar) · 2010 Live at the Fillmore East 10/3/70 · 2011 Rockpalast: Blues Rock Legends Vol. 3 · 2015 Live from Japan |
Samlealbum | 2009 The Johnny Winter Anthology · 2013 The Essential Johnny Winter · 2014 True to the Blues: The Johnny Winter Story · 2015 Remembrance Vol. 1 |
Singlar | 1964 «Road Runner» · «Gangster of Love» · 1967 (som The Traits) «Parchman Farm» · «Tramp» · «Harlem Shuffle» · 1968 «Rollin' and Tumblin'» · «Forty-Four» · 1969 «I'll Drown in My Tears» · «Johnny B. Goode» · 1970 «Rock and Roll, Hoochie Koo» · 1971 «Jumpin' Jack Flash» · «Good Morning Little School Girl» · 1973 «Silver Train» · 1974 «Boney Moroney» · 1976 «Soul Man» · «Let the Good Times Roll» |
Tilknytte artiklar | Diskografien til Johnny Winter · Billy Branch · Bobby Caldwell · Rick Derringer · Dan Hartman · Randy Jo Hobbs · Paul Nelson · Steve Paul · Ken Saydak · Tommy Shannon · Edgar Winter |