Rosenkål
Rosenkål er ein varietet av dyrka kål med små grøne hovud. Han har 40–100 cm høge stenglar og talrike valnøttstore hovud, «roser», i bladhjørna. Rosenkål er ein hardfør art som eignar seg godt for dyrking i land med kjølig klima, som Noreg. Rosenkål inneheld bitterstoff og har ein særeigen, søt og nøtteaktig smak når han er kokt. Han kan brukast rå og strimla i salatar, eller kokt, steikt eller smørdampa.
Rosenkål er ein næringsrik grønsak og inneheld om lag 119 mg vitamin C, 450 mg kalium, 4,2 g kostfiber, 84 % vatn, 0,5 g feitt og 148 kJ tilført energi per 100 g etande vare.
Kjelde |
«rosenkål» i Store norske leksikon, snl.no.
«rosenkål» i Nynorskordboka.
Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.