Ludvig XIV av Frankrike

































Ludvig XIV av Frankrike

Louis XIV.jpg

Fødd
5. september 1638
Château de Saint-Germain-en-Laye
Død

1. september 1715
Slottet i Versailles


Tittel
Konge av Frankrike
Periode 1643-1715
Føregjengar
Ludvig XIII
Etterfylgjar
Ludvig XV

Ludvig XIV av Frankrike på Commons

Ludvig XIV (fransk Louis XIV), kalla «Solkongen», (5. september 1638–1. september 1715) var konge av Frankrike frå 14. mai 1643 til 1. september 1715.


Ludvig vart fødd i den franske byen Saint-Germain-en-Laye. Han var eldste son av kong Ludvig XIII og prinsesse Anna av Austerrike. I 1643 vart Ludvig XIV konge berre fem år gamal. Ein minister styrde landet til han sjølv var gamal nok. Ludvig er mest kjent for slottet i Versailles, som han lét byggja ut i stor stil. Slottet er eit døme på barokk stil, den leiande stilarten i Europa på denne tida.





Ludvig XIV, måla av Hyacinthe Rigaud (1701)


Ludvig gifta seg med Maria Theresia av Austerrike (1638-1683) den 9. juni 1660, saman fekk dei 6 barn. Berre eitt av desse vart vaksen, tronarvingen Ludvig, Le Grand Dauphin. I tillegg til Maria Theresia hadde kongen fleire elskarinner, av desse er Madame de Montespan den mest kjende.



Etterfylgjaren, Ludvig XV av Frankrike, var oldebarn av Ludvig XIV.



Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva