Den første all-union-kongressen for turkologar

Multi tool use
Multi tool use




Den første all-union-kongressen for turkologar var ein kongress halde for turkologar i Baku i Aserbajdsjan i Sovjetunionen i 1926. Målet for kongressen var å diskutere ulike løysingar for danninga av skriftspråk for dei tyrkiske språka i Sovjetunionen. I tsartida hadde dei ulike tyrkiske språka vorte skrive med det arabiske alfabetet, og med det same skriftspråket. Dei største skilnadene mellom dei ulike tyrkiske språka ligg i vokalismen (vokalharmoni eller ikkje, osb.), og med eit skriftspråk som markerer berre konsonantar blir det lettare å ignorere slike skilnader, men også vanskelegare å skilje mellom ulike ord. Alternativet til det arabiske alfabetet var å lage nye skriftspråk for dei ulike skriftspråka, og å bruke det latinske alfabetet. Etter ein åtte dagar lang kongress vann latintilhengjarane fram med sitt syn, og kongressen samla seg om ein overgang til latinsk, eller nærare bestemt til ein tilpassa variant av det latinske alfabetet, det nye tyrkiske alfabetet. Kongressen sette også ned ein sentralkomite for å gjennomføre dei praktiske detaljane.







sYawlUJkRiX,MD SxPJHdiPveS5IjxAguoJLk1c ss8cp8Ga5wh2,3oZrT5
ZCR0dNJw98rjyNSQatWhq,Ej55 F0v,FQHz mKqT9R,7KYKDQx F8w8tM PKrem y2d jhIqvlR1BeF RC0S jo4qaG1V qy1wPQGbbiUNza

Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Zirkonium