Filmmusikk




Filmmusikk er musikk som er komponert spesielt for bruk i film, men det kan også omfatte annan musikk. Vanlegvis bruker ein musikk som dette til stemningsskapar i film, ved at musikken understrekar ei eller fleire hendingar i handlinga, eller ved at ein eller fleire av rollefigurane blir gjeve eit spesielt musikalsk tema. Eit døme på det siste er «Imperial March»-temaet (komponert av John Williams) som symboliserer det galaktiske imperiet og Darth Vader i fem av dei seks Star Wars-filmane.


Filmmusikk er som regel ikkje-diegetisk. Det vil seie at den ikkje kjem frå ei synleg kjelde på skjermen. Det finst unntak, som i filmen Vill vest (Blazing Saddles) av Mel Brooks frå 1974, der ikkje-diegetisk filmmusikk blir parodisert ved at Count Basie and his Big Band plutseleg dukkar opp «i bilete» under avspelinga av ein melodi.



Kjend filmmusikk |




  • Star Wars, komponert av John Williams.


  • Ringenes Herre, komponert av Howard Shore.


  • Mission: Impossible-temaet, komponert av Lalo Schifrin.


  • 2001: En romodyssé, med musikk av blant andre György Ligeti og Richard Strauss.


  • Dollar-trilogien, komponert av Ennio Morricone.


  • Indiana Jones-trilogien av John Williams


  • Rocky-filmane av Bill Conti


  • Pirates of the Carribean-filmane av Hans Zimmer og Klaus Badelt


  • Kill Bill-filmane av Nancy Sinatra


  • Harry Potter-filmane, mellom anna komponert av John Williams.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Filmmusikk» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2012.





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal