Machgara
Machghara | |
مشغرة | |
by | |
Land | Libanon |
---|---|
Guvernement | Beqaa guvernement |
Distrikt | Vest-Beqaa distrikt |
Koordinatar | |
Folketal | 6 800 (1997) |
Wikimedia Commons: Machghara | |
Machghara er ein liten by i Bekaadalen i Libanon,[1] i Vest-Beqaa distrikt sør i Beqaa guvernement. Han ligg like nordvest for Sohmor og sørvest for Qaraounsjøen, sør for Aitanit og nord for Ain Et Tine. Iskanderkjelda ligg nordaust for byen.
Machghara er i dag busett av folk frå fleire religiøse grupper, som melkittar, ortodokse og sjiamuslimar. Byen ligg kring 1050 meter over havet, over 200 meter oppom elva Litani. Han er bygd oppover i fjellsida av Libanonfjella.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Kjende innbyggjarar
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Historie |
På 1800-talet under Det osmanske riket, høyrte Machghara til Damaskus wilaya, Saida wilaya, eller den sjølvstyrte provinsen Libanonfjella (Mutasarrifiya). Han vart ein del av Stor-Libanon i 1920. På grunn av dei mange vasskjeldene hadde byen mange garveri tidleg på 1900-talet.
Etter han vart ein del av Stor-Libanon (som knytt saman Bekaa, og dei nordlege og sørlege Libanonfjella) i 1920 under Det franske mandatet, vart Machghara ein garnisonsby for den franske hæren.
I åra mellom det libanesiske sjølvstendet i 1943 og den libanesiske borgarkrigen i 1975 var det velstand i Libanon og Machghara, som drog nytte av Litanidammen som vart bygd i nærleiken i 1960-åra. Dammen skapte Qaraounsjøen.
I 1977 invaderte den syriske hæren Libanon og okkuperte Machghara. Mellom 1977 og 1982 oppstod nye politiske parti i byen, som Amal og seinare Hizbollah. Machghara vart hardt råka av den israelske invasjonen av Libanon i 1982 og byen vart verande under israelske okkupasjon fram til 1985. Mange unge innbyggjarar meldte seg inn i Libanesisk nasjonal motstandsfront leia av sekulære parti som opererte gjennom den okkuperte sonen.
Mellom 1986 og 2006 vart Machghara fleire gongar bomba av israelarane.
Kjende innbyggjarar |
- Mohammad Hussein Bjaijy (1948-1988) - nasjonal og islamsk motstandsleiar og grunnleggjar
Salim Ghazal - Melkittisk biskop og mottakar av Pacem in Terris
Rabih Abou-Khalil - musikar
Fawwaz Traboulsi - forfattar, journalist, politikar
Riad Charara - TV-kjendis
Zaki Nassif - musikar og songar
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Machgara» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ Le Commerce du Levanten. Société de la presse économique. 1967. s. 40. Henta 23. april 2011.
Bakgrunnsstoff |
- Video
|