Cambridge i Massachusetts






Rådhuset i Cambridge


Cambridge er ein by i Middlesex County i delstaten Massachusetts i USA. Byen ligg kloss inntil Boston, berre åtskild frå storbyen av elva Charles. I fylgje folketeljinga 2010, United States Census, hadde byen vel 105 000 ibuarar.


Byen vart grunnlagd i 1630. Han har namn etter University of Cambridge i England, eit viktig senter for den puritanske teologien som byfedrene bekjende seg til. To av dei høgst renommerte universiteta i verda; Harvard University og Massachusetts Institute of Technology ligg i Cambridge.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Cambridge, Massachusetts» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2013.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva