Universitetet i Kairo































Universitetet i Kairo
CairoUniv.jpg

Grunnlagt
21. desember 1908
Type Universitet
Stad Kairo
Studentar Ca. 257 000 (2009/2010).

  • 246 825 bachelorstudentar

  • 8428 mastergradstudentar

  • 1947 doktorgradstudentar[1]


Tilsette 11 545 (undervisingstilsette, 2009-2010)[2]
Nettstad www.cu.edu.eg

Universitetet i Kairo (arabisk جامعة القاهرة, engelsk Cairo University, tidlegare Egyptian University og Fuad University) er eit institutt for høgare utdanning i Giza ved Kairo i Egypt. Universitetet blei danna i 1908, då Egypt var under britisk kolonistyre. Universitetet i Kairo var inspirert av europeiske universitet, som mange utdanna egyptarar no hadde vitja. Det var dermed ein motsats til tradisjonelle religiøse instutusjonar som Al-Azharuniversitetet, og blei ein modell for statlege universitet i regionen.


Universitetet er i dag (2013) delt inn i 27 fakultet eller institutt. Det undervises mellom anna i medisin, farmakologi, veterinærmedisin, ingeniørkunst, jordbruk, statsvitskap, arkeologi, økonomi, juss, naturvitskap og humaniora.


Nokre kjende studentar ved universitetet har vore egyptiske Boutros Boutros-Ghali, palestinske Yassir Arafat og irakiske Saddam Hussein.



Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad (cu.edu.eg)


Kjelder |





  1. Cairo University Analytics 2009-2010


  2. Academic Staff 2009-2010, cu.edu.eg




  • Idea of Establishing Egyptian University ved cu.edu.eg


  • Emergence of the University and its Development ved cu.edu.eg


  • Faculties ved cu.edu.eg




  • Denne artikkelen bygger på «Cairo University» frå Wikipedia på svensk, den 15. april 2013.





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal