Leif Ove Andsnes
Leif Ove Andsnes | |
Fødd | 7. april 1970 Karmøy |
Yrke | pianist, dirigent, professor, akademisk musiker |
Leif Ove Andsnes på Commons |
Leif Ove Andsnes (fødd 7. april 1970) er ein norsk klassisk pianist.
Innhaldsliste
1 Biografi
2 Utmerkingar
3 Bakgrunnsstoff
4 Kjelder
5 Fotnotar
Biografi |
Andsnes vart fødd på Karmøy. Han studerte under Jiri Hlinka ved Griegakademiet i Bergen. Han har fått mange prisar. Han har samarbeidd med fleire kjende kor, orkester og songarar, som til dømes tenoren Ian Bostridge, Artemiskvatetten og Det norske kammerorkester. I 2002 spelte han Grieg sin pianokonsert ved den årlege konserten Last Night of the Proms i Royal Albert Hall, London.
Andsnes har òg utmerkt seg som kammermusikar, og saman med bratsjisten Lars Anders Tomter er han kunstnerisk leiar for Risør Kammermusikkfest. Han har òg gjort fleire innspelingar for Virgin og EMI, mellom andre av Chopin, Grieg, Brahms, Schumann, Rakhmaninov, Mozart, Bartók, Haydn, Schubert, Janáček, Liszt og Sjostakovitsj.[1]
I 2007 fekk han ei bistilling som professor ved Norges musikkhøgskole.
Utmerkingar |
- «Royal Philharmonic Society Award»
- «Preis der Deutschen Schallplattenkritik»
Hindemith-prisen i 1987
Spellemannprisen 1991 i klassen orkester og kormusikk for Grieg: Piano Konsert/Liszt: Piano Konsert Nr.2 med Bergen Filharmoniske Orkester
Spellemannprisen 1992 i klassen kammermusikk for Chopin: Sonater, mazurkaer og etyder
Gammleng-prisen 1993 i klassen klassisk
Spellemannprisen 1993 i klassen kammermusikk for Grieg; Piano sonate op. 7/Lyriske stykker op. 43 og 54
Lindemanprisen i 1997- Årets spellemann under Spellemannprisen 1998
Anders Jahres kulturpris 1999
Spellemannprisen 2000 i klassen klassisk musikk for Haydn: Pianokonsert nr. 3, 4 og 11 med Det norske kammerorkester
- Utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 2002
- Det engelske klassisk musikk-magasinet Gramophone sin instrumentalpris i 2002 for innspelinga av Edvard Grieg sine Lyriske stykker
Spellemannprisen 2002 i klassen klassisk musikk for Schubert; Pianosonate A-Dur D 959
Spellemannprisen 2003 i klassen klassisk musikk for Grieg/Schumann: Piano Concertos
Spellemannprisen 2005 i klassen klassisk musikk for Rachmaninov: Piano Concertos 1 & 2
Peer Gynt-prisen i 2007
Stavanger Aftenblads kulturpris i 2010
Spellemannprisen 2011 i klassen klassisk musikk for Schumann - Complete works for piano trio saman med Christian og Tanja Tetzlaff.
Bakgrunnsstoff |
- Heimesida til Leif Ove Andsnes
Kjelder |
- Knut Olav Åmås [red.]: «Andsnes, Leif Ove» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)
Fotnotar |
↑ Hvem er hvem?, s. 32.
|