Liv Bernhoft Osa(fødd 3. mars 1957) er ein norsk skodespelar frå Voss. Ho er dotter til Sigbjørn Bernhoft Osa.
Innhaldsliste
1Karriere
2Filmar
3Fjernsynsseriar
4Kortfilm
5Kjelder
Karriere |
Liv Bernhoft Osa har vore tilknytt Nationaltheatret frå 1979. Ho har også jobba for Det Norske Teatret og Torshovteateret. Av dei mest kjende teaterrollene hennar er Eleonora i Påske av August Strindberg, Regine i Gjengangere og Kaja i Byggmester Solness, begge av Henrik Ibsen, Sofja i Onkel Vanja av Anton Tsjekhov og Andromake i Trojanerinner av Evripides. Ho har også spelt i fleire filmar og er ein mykje nytta opplesar av lydbøker. Ho har lese inn bøker av m.a. Toni Morrison og Tarjei Vesaas for Lydbokforlaget.
I 2011 fekk Liv Bernhoft Osa Heddaprisen for beste kvinnelege birolle for rolla som Fru Fåttnok i stykket USKYLD.
Filmar |
1983: Hockeyfeber .... Vera
1984: Snart 17 .... Ekspeditrise
1994: Trollsyn .... Mor
1998: Madeline (amerikansk)
2004: Uno .... Mona
2007: Svein og Rotta og UFO-mysteriet .... Dora
Fjernsynsseriar |
1977: Lykkespill....Unge Wenche Foss
1987: Pilen flyttebyrå .... Anita
1990: Den svarta cirkeln (svensk)
1991: Fedrelandet .... Rakel
1994: Vestavind .... Emma Engan Nedrebø
1996: Familiesagaen de syv søstre .... Charlotte Zimmermann
2002: Tiden før Tim .... Ninas mor
2002: Jul på Månetoppen .... Nissemamma
Kortfilm |
2000: Fly
Kjelder |
Denne artikkelen er basert på Wikipedia sin artikkel om Liv Bernhoft Osa på bokmål.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...