Espen Skjønberg
Espen Skjønberg | |
Fødd | 7. april 1924 Oslo |
Yrke | skodespelar |
Espen Skjønberg på Commons |
Espen Henrik Skjønberg (fødd 7. april 1924) er ein norsk skodespelar som er kjend frå teaterscene, fjernsyn og film.
Innhaldsliste
1 Familie
2 Teater
3 Film og fjernsyn
4 Filmografi
5 Prisar og utmerkingar
6 Referansar
7 Bakgrunnsstoff
Familie |
Foreldra hans var skodespelarparet Henny og Eugen Skjønberg. Han er bror av Per og Pål Skjønberg, sistnemnde er skodespelar og regissør. Espen Skjønberg har vore gift to gonger, andre gongen var med skodespelaren Mona Hofland frå 1959 til ho døydde i 2010. Sonen hans frå fyrste ekteskap er skodespelar og regissør Jo Skjønberg.
Teater |
Espen Skjønberg har vore tilknytt fleire norske teater, mellom anna Nationaltheatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret. Våren 2007 gjesta han igjen Nationaltheatret i rolla som Vladimir i suksessen Vente på Godot, som var inne i sin fjerde sesong ved teatret. Våren 2008 spelte han domaren i Henrik IV på Det Norske Teatret. I åra 2001–2004 turnerte han landet rundt med monologen «Grand Old Man» (skrive av Lars Saabye Christensen og regi Per Olav Sørensen) og vart hylla av publikum og kritikarane. Skjønberg var aktiv på Nationaltheatrets scene hausten 2012 i Kardemomme by som Tobias i tårnet.
Film og fjernsyn |
Skjønberg filmdebuterte allereie som 13-åring i 1937. Han har hatt mange filmroller, mellom anna i filmane Secondløitnanten, O'Horten og En håndfull tid. Han har også hatt roller i mange tv-seriar, mellom anna sentrale roller i Familiesagaen De syv søstre og Berlinerpoplene. Han har medverka i førjulsseriane Jul på Månetoppen og Jul i Blåfjell.
Filmografi |
En glad gutt (1932) [1]
Fant (1937)
De vergeløse (1939)
Ukjent mann (1951)
Dei svarte hestane (1951)
Andrine og Kjell (1952)
Vi vil skilles (1952)
Skøytekongen (1953)
Ung frue forsvunnet (1953)
Portrettet (1954)
Kasserer Jensen (1954)
Arthurs forbrytelse (1955)
Roser til Monica (1956)
Stevnemøte med glemte år (1957)
Hans Nielsen Hauge (1961)
Faderen (1969) (TV)
Vildanden (1970) (TV)
Gråt, elskede mann (1971)
Motforestilling (1972)
Knut Formos siste jakt (1973)
Vårnatt (1976)
Arven (1979)
Rallarblod (1979)
Medmenneske (1981) TV-serie
Forfølgelsen (1981)
Krypskyttere (1982)
Lars i porten (1984)
Kong Lear (1985) TV-serie
Codename: Kyril (1988) TV-serie
Landstrykere (1990)
Smykketyven (1990)
En håndfull tid (1990)
Kvitebjørn kong Valemon (1991)
Secondløitnanten (1993)
Svampe (1990)
Trollsyn (1994)
Drømspel (1994)
Vestavind (1994) TV-serie
Pakten (1995)
Familiesagaen De syv søstre (1996) TV-serie
Syndig sommer (1996)
Jul i Blåfjell (1999) TV Serie
Toy Story 2 (1999)
Sofies verden (1999)
Sofies verden (2000) TV-serie
Jeg er Dina (2002)
Jul på Månetoppen (2002) TV-serie
Seks som oss TV-serie
Min misunnelige frisør (2004)
Berlinerpoplene TV-serie (2007)
O'Horten (2007)
Prøvetid (2008)
Prisar og utmerkingar |
Teaterkritikerprisen for 1954/55
Aamot-statuetten for 1980
Nationaltheatrets Venners ærespris i 1984
Norsk kulturråds ærespris i 1989
Amandaprisen 1994 i klassen beste mannlege houvudrolle for Secondløitnanten
Oslo bys kunstnerpris 1998
Amandaprisens ærespris 2004
Heddaprisen 2005- Kommandør av St. Olavs Orden i 2007
Amandaprisen 2008 i klassen beste mannlege birolle for rolla i Bent Hamers film O'Horten
Gullruten 2009 i klassen beste mannlege skodespelar for rolla i Berlinerpoplene
Referansar |
↑ «Hva annet skulle jeg gjøre enn å arbeide?», artikkel i seksjon 2, side 24 i Aftenposten, 26. august 2014
Bakgrunnsstoff |
Espen Skjønberg ved IMDb.com
|