Ludwig Boltzmann
Ludwig Eduard Boltzmann | |
Ludwig Boltzmann | |
Fødd | Ludwig Eduard Boltzmann 20. februar 1844 Wien, Det austerrikske riket (dagens Austerrike) |
---|---|
Død | 5. september 1906 (62 år) Tybein nær Trieste i Austerrike-Ungarn (dagens Duino i Italia) |
Bustad | Austerrike, Tyskland |
Nasjonalitet | austerriksk |
Område | Fysikar |
Yrke | fysikar, kjemikar, universitetslærar, matematikar, filosof, teoretisk fysikar |
Institusjonar | Universitetet i Wien Universitetet i Leipzig Karl-Franzens-Universität Graz Ludwig-Maximilians-Universität München |
Alma mater | Universitetet i Wien |
Doktorgradsrettleiar | Josef Stefan |
Doktorgradsstudentar | Paul Ehrenfest Philipp Frank Gustav Herglotz Franc Hočevar Ignacij Klemenčič |
Andre kjende studentar | Lise Meitner |
Kjend for | Boltzmannkonstanten Boltzmannlikninga Boltzmannfordelin H-teorem Maxwell-Boltzmann-fordeling Stefan–Boltzmann-konstanten Stefan–Boltzmann-lova |
Barn | Henriette Boltzmann, Ida Boltzmann |
Medlem | Royal Society Det saksiske vitenskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Det bayerske vitskapsakademiet Vitskapsakademiet i St. Petersburg Det franske vitskapsakademiet Det ungarske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Accademia Nazionale dei Lincei Det austerrikske vitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Det saksiske vitenskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Accademia delle Scienze di Torino |
Ludwig Boltzmann (20. februar 1844–5. september 1906) var ein austerriksk fysikar.
Han vart professor i Graz 25 år gammal, og seinare i Wien, München og Leipzig. Arbeidet til Boltzmann omfattar termodynamikk, statistisk mekanikk, kinetisk gassteori, elektrodynamikk og meir. Han utdjupa omgrepet entropi og forbatt dette med statistisk sannsyn. Han handsama læraren sin J. Stefan sine undersøkingar av stråling frå svarte lekamar og formulerte Stefan-Boltzmann-lova for svart stråling. Han formulerte ekvipartisjonsprinsippet i den kinetiske gassteorien, som seier at energien til molekyla i ein gass i middel fordeler seg likt på kvar fridomsgrad til molekylet. Han utleia Maxwell–Boltzmanns hastigheitsfordelingslov for molekyla i ein gass, uavhengig av arbeidet til James Clerk Maxwell og på ein meir generell måte. Til ære for Boltzmann vert den konstanten som blir nytta for å angje den midlarane energien per grad av eit molekyl i ein gass for Boltzmannkonstanten, sjølv om Boltzmann visstnok sjølv aldri tilla denne konstanten noko universell tyding. Han har verdien 1,38·10–23joule/kelvin.
Boltzmann vert rekna som ein av dei største fysikarane på 1800-talet. Arbeidet hans kan stort sett reknast som avsluttinga på den klassiske fysikken, men vart til i ein periode då den moderne fysikken byrja å ta form, og har vore grunnlag for mellom anna nokre av Max Planck og Albert Einstein sine arbeid.
Boltzmann vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1902.
Kjelder |
Ludwig Boltzmann. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.
|