Gerd-Liv Valla
Gerd-Liv Valla | |
Fødd | 25. januar 1948 Korgen |
Yrke | politikar, friidrettsutøvar, fagforeningsleiar |
Gerd-Liv Valla på Commons |
Gerd-Liv Valla (fødd 25. januar 1948) var leiar for Landsorganisasjonen (LO) frå 2001 til 2007. I 1997 var ho statsråd og sjef for Justis- og politidepartementet (justisminister) i regjeringa til Thorbjørn Jagland.
Innhaldsliste
1 Bakgrunn, utdanning og yrke
2 Tidlegare politisk karrière
3 Kjelde
4 Bakgrunnsstoff
Bakgrunn, utdanning og yrke |
Valla er frå Korgen i Nordland. Ho har hovudfag i statsvitskap, med mellomfag i sosialantropologi mellomfag og grunnfag i offentleg rett. Ho tok pedagogisk seminar i 1979, og vart cand. polit. ved Universitetet i Oslo i 1977. I sju år var ho gift med historikaren Harald Berntsen.
Valla var som student med i Kommunistisk Universitetslag (KUL), ei gruppe med basis i Filosofisk Institutt på Blindern. Grupperinga samarbeidde med Kommunistisk Arbeidarforbund (KA) og vart etterkvart KA sin studentorganisasjon. Ho var aktiv studentpolitikar og leiar i Norsk Studentunion 1974–75.
Ho har arbeid både i fagrørsla og som førstekonsulent og kontorsjef i Norges Allmenvitenskapelige Forskningsråd, samt som høgskolelektor ved Eik Lærerhøyskole i Tønsberg.
Valla hadde som LO-leiar ei rad styreverv, deriblant styreleiar i A-pressa og i Fafo. Ho er også medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Ho gjekk av som leiar etter ei sak om arbeidsmiljø i LO og påstander om at ho mobba nære medarbeidarar.
Tidlegare politisk karrière |
Ho var politisk rådgjevar ved Statsministerens kontor frå 1990 til 1992, og deretter statssekretær same stad fram til 1994, under statsminister Gro Harlem Brundtland. Frå 1994 til 1997 var ho forbundsnestleiar i Norsk Tenestemannslag (NTL).
Ho etterfølgde Anne Holt som statsråd i Justis- og politidepartementet i 1997, men regjeringa gjekk av etter valet same år. Ho var nestleiar i LO frå 1997 fram til ho i 2001 vart vald som ny leiar etter Yngve Hågensen. Valla var den første kvinnelege leiaren i LO.
Kjelde |
- «Gerd-Liv Valla» på Wikipedia på bokmål og riksmål.
Bakgrunnsstoff |
Gerd-Liv Valla i Norsk biografisk leksikon
LO-leiarar | |
---|---|
Hans G. Jensen (1899-1900) · Dines Jensen (1900-01) · Adolf Pedersen (1901-04) · Joh. Johansen (1904-05) · Adolf Pedersen (1905-06) · Ole O. Lian (1906-25) · Halvard Olsen (1925-34) · Olav Hindahl (1934-39) · Konrad Nordahl (1939-65) · Parelius Mentsen (1965-69) · Tor Aspengren (1969-77) · Tor Halvorsen (1977-87) · Leif Haraldseth (1987-89) · Yngve Hågensen (1989-2001) · Gerd-Liv Valla (2001-07) · Roar Flåthen (2007-13) · Gerd Kristiansen (2013-) |
Norske justisministrar etter 1945 | |
---|---|
Johan Cappelen (1945) · Oscar Chr. Gundersen (1945–52) · Kai Birger Knudsen (1952–54) · Gustav Adolf Sjaastad (1954-55) · Jens Chr. Hauge (1955) · Jens Haugland (1955-63) · Petter Mørch Koren (1963) · Oscar Chr. Gundersen (1963-65) · Elisabeth Schweigaard Selmer (1965-70) · Egil Endresen (1970-71) · Oddvar Berrefjord (1971-72) · Petter Mørch Koren (1972-73) · Inger Louise Valle (1973–79) · Andreas Cappelen (1979–80) · Oddvar Berrefjord (1980–81) · Bjørn Skau (1981) · Mona Røkke (1981–85) · Wenche Frogn Sellæg (1985–86) · Helen Bøsterud (1986–89) · Else Bugge Fougner (1989–90) · Kari Gjesteby (1990–92) · Grete Faremo (1992–96) · Anne Holt (1996–97) · Gerd-Liv Valla (1997) · Aud Inger Aure (1997–99) · Odd Einar Dørum (1999–2000) · Hanne Harlem (2000–01) · Odd Einar Dørum (2001–05) · Knut Storberget (2005–2011) · Grete Faremo (2011-13) · Anders Anundsen (2013-2016) · Per-Willy Amundsen (2016-2018) · Sylvi Listhaug (2018) · Tor Mikkel Wara (2018-2019) · Jøran Kallmyr (2019-) |
|