Stavenes


































Stavenes
stad

Staveneset, Askvoll.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane

Kommune

Askvoll



Postnummer
6984 STONGFJORDEN

Preposisjon

Stavenes




Fil:61° 25′ 39″ N, 4° 55′ 25″ E




Stavenes er ein gard i Askvoll i Sogn og Fjordane. Han ligg ytst i Stongfjorden. Staveneshamn ligg på Stavenes.


På Stavenes ligg det 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå tida 1800 f.Kr. til 500 e.Kr.


29. oktober 1929 grunnstøytte hurtigruteskipet DS «Haakon VII» ved Stavenes og velta 90 grader. Akterenden sokk, medan baugen låg langt inne på land. 18 personar omkom og 55 overlevde. I 1930 vart skipet slept til Bergen, og vart kondemnert og hogge opp.


23. juni 1943 vart to nordmenn, løytnant Anton Christopher Hagerup og kvartermeister og navigatør Just Wiide Meinche Friis, nedskotne på staden då dei i eit Mosquito-fly gjekk til åtak på ein tysk konvoi. To britiske flygarar vart også nedskotne der. Det er sett opp to minneplatar, og mellom dei står emblemet til Royal Air Force. I 1944 vart lasteskipa DS «Lynx» og DS «Tyrifjord» bomba av allierte fly utanfor Stavenes.


Namnet Stavenes vart godkjent av Statens kartverk 1. januar 1985.[1]



Kjelder |



  • fylkesarkiv.no/staveneset

  • Skotne ned ved Staveneset

  • Hurtigrutetragedien ved Staveneset

  • Telegrafistar og tortur på Staveneset

  • Fornminne på Stavenes og Atløy


  • fylkesarkiv.no/staveneshamnen




  • «Stavenes». Statens kartverk. Henta 15. februar 2015. 







  • Popular posts from this blog

    What are all the squawk codes?

    What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

    Hudsonelva