Selsøyvik
































Selsøyvik
stad
Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Nordland

Kommune

Rødøy



Postnummer
8196 SELSØYVIK

Preposisjon

Selsøyvik


Selsøyvik er ei øy og ein gamal handelsstad på Selsøya i Rødøy kommune i Nordland. Her bur det om lag 20 - 30 menneske.


Selsøyvik er kjend for den gamle handelsstaden sin, Selsøyvik handelsstad, som er restaurert og verna av Riksantikvaren. Dei eldste bygningane på handelsstaden stammar frå 1700-talet.
Selsøyvik er eit lite lokalsamfunn i seg sjølv, med eigen barnehage, skule og butikk. Den viktigaste næringa på staden i dag er lakseoppdrett. Selsøyvik Havbruk er det største privateigde selskapet i Rødøy kommune.


Sidan 1994 har Selsøyvik hatt vegsamband med Rangsundøya i aust via Fylkesveg 443. Snøggbåtruta Nordlandsekspressen har anløp av Selsøyvik to gonger dagleg, og Torghatten Nord har både ferjesamband og lokalsnøggbåt som går innom Selsøyvik.


Den 18. juni 2008 fekk Selsøyvik vitjing av kongeparet, som ein del av rundturen deira i Helgeland og Salten. Om lag 1000 av dei 1300 innbyggjarane i kommunen hadde møtt opp, og vart underhaldne av skuleelevar, musikkskulen og ei rekkje andre kulturelle innslag.



Kjelder |



  • Artikkelen er delvis omsett frå Wikipedia på bokmål om Selsøyvik.

  • Turliv.no om Selsøyvik

  • Rødøy kommune: Selsøyvik Skole

  • Selsøyvik Havbruk

  • TV2nyhetene.no: Folkefest i Selsøyvik

  • Arkitekturguide for Selsøyvik handelssted.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva