Setesdalsmuseet






Museumsguidar på Rygnestadtunet, ei avdeling av Setesdalsmuseet.
Foto: Frode Inge Helland



Setesdalsmuseet er eit museum i Valle kommune i Aust-Agder fylke.


Det ligg på Rygnestad og vart skipa 1938. Setesdalsmuseet er sidan 2005 organisert som eit interkommunalt selskap, som er eigd av kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iveland og Aust-Agder fylkeskommune. Hovudkontoret og administrasjon ligg på Rysstad i Valle kommune. Til saman er det 17 anlegg og 67 antikvariske bygningar som høyrer til museet, så vel som to nyare bygg som innheld administrasjon og utstillingslokale.


Museet består mellom anna av Rygnestadtunet med det kjende Rygnestadloftet og bygningar med særs allsidige funksjonar, ført opp frå 1300-talet og heilt opp til vår tid. På sin opphavlege plass ligg også den gamle lensmannsgarden Tveitetunet. Formidling av folkedrakter er eitt av spesialområda til museet, saman med formidling av byggeskikkar.



Kjelder |




  • «Setesdalsmuseet» i Store norske leksikon, snl.no.



  • Denne artikkelen bygger på «Setesdalsmuseet» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2012.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva