Jektvik
































Jektvik
stad
Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Nordland

Kommune

Rødøy



Postnummer
8187 JEKTVIK

Preposisjon

i Jektvik


Jektvik er ei bygd og ein ferjestad som ligg langs kystriksvegen på sørsida av fjorden Værangen i Rødøy kommune i Nordland. Bygda er eit knutepunkt som ligg sentralt i kommunen, og har eigen barnehage og skule, grendehus og kafé. Bygda har òg eigen butikk. Denne gjekk konkurs i 2009, men skifte eigar og har no starta opp att.


Når ein køyrer langs kystriksvegen er ein avhengig av ferja Jektvik-Kilboghamn for å koma seg vidare, så denne ferjestrekninga kan vera sterkt trafikkert sommarstid. Ferja kan òg leggja til kai ved Bygda Sørfjorden på denne overfarten.
Jektvik har òg ferjesamband til diverse øyar i kommunen; det går nesten dagleg ferje til Gjerøya, Rødøy, Selsøyvik, Storselsøy og Nordnesøy herifrå.



Kjelder og bakgrunnsstoff |



  • Nettsidene til Rødøy Kommune.

  • Rutetidene til Torghatten Nord frå Jektvik.

  • Heimesida til Jektvik Skole

  • Yngve Brox Guldbjørnsen for Meløyavisa, 18.06.09: Jektvik handel konkurs

  • Yngve Brox Guldbjørnsen for rodoy.kommune.no: Jektvikbutikken åpen igjen.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva