Interregnum
Interregnum (latin) er tidsrommet frå ein herskars død eller avgang til den nye herskaren har teke over.
I dei siste århundra har det i Noreg vore vanleg at ein ny konge overtek i same augneblunk som den førre dør, men i mellomalderen fanst interregnum særs ofte, òg i Noreg (1481–1483).
I Danmark var «den kongeløse tid» 1332–1340 og tida 1533–1534.
I valmonarki som t.d. i Vatikanstaten har ein ei form for interregnum mellom pavevala, når dette trekkjer ut i tid. Dersom valprosessen finn stad innan rimeleg tid verta perioden kalla sede vacante, «ledig sete». I ein slik periode bortfall dei fleste ordinære styrefunksjonar, og berre eit minimalt forvaltingsapparat er i funksjon. Under eit verkeleg interregnum vil ein innføra mellombelse løysingar for å få i gang visse basisfunksjonar. I ein meir vid forstand vert omgrepet brukt òg om ledige bispesete; dersom ein person vert utnemnt av paven til å administrera eit ledig bispesete vert han apostolisk administrator sede vacante.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Interregnum» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2018.
Eksterne lenkjer |
[1]Interregnum]