Kviteseid
| Kviteseid | |
tettstad | |
Statens hus i Kviteseid, som huser kommuneadministrasjon og domstol | |
| Land | |
|---|---|
Fylke | Telemark |
Kommune | Kviteseid |
| Areal | 1,31 km² |
| Folketal | 780 (2017) |
| Folketettleik | 595 / km² |
Postnummer | 3850 KVITESEID |
| Innbyggjarnamn | kvitseiding |
| Preposisjon | i Kviteseid |
Wikimedia Commons: Kviteseidbyen | |
Kviteseid, også kalla Kviteseidbyen, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kviteseid kommune i Telemark fylke. Somme av dei regionale funksjonane i Vest-Telemark er plassert i Kviteseid, for eksempel Vest-Telemark tingrett.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Folketalsutvikling
3 Sjå òg
4 Kjelder
Historie |
- I 1723 flytta sorenskrivaren i Vest-Telemark frå Lårdal til Kviteseid, og den dag i dag er her tingstad.
- I 1871 blei Kviteseid bryggje (før kalla Kyrkjebøbryggja) utbygd for dampskipstrafikken som hadde starta på Vestvatna i 1852. Brygga vart ytterlegare utvida i 1894 og 1912.
- I 1892 vart Bandak-Norsjøkanalen opna og trafikken. Det blei starten for eit snøgt oppveksande byliknande lite samfunn, som på folkemunne blei kalla Hyttebyen fordi husa var små og tettliggande.
- I 1911 brann heile byen ned. Før han blei gjenreist blei staden regulert med breie gater, slik att husa ikkje skulle stå så tett som tidlegare, og dermed minke brannfaren.
Folketalsutvikling |
Kviteseidbyen i 1921
Folketalsutvikling i Kviteseid | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Innbyggjarar | |||
| 1890 | 124 | |||
| 1900 | 140 | |||
| 1910 | 116 | |||
| 1920 | 132 | |||
| 1930 | 169 | |||
| 1946 | 196 | |||
| 1950 | 139 | |||
| 1960 | 160 | |||
| 1970 | 339 | |||
| 1980 | 930 | |||
| 1990 | 786 | |||
| 2000 | 646 | |||
| 2009 | 696 | |||
| 2012 | 689 | |||
| Kjelder: SSB: Norske folketeljingar | ||||
Sjå òg |
- Tettstader i Telemark
Kjelder |
Kviteseid – tettsted SNL. Vitja 21. juli 2010
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|