Det Norske Luftfartselskap





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.


Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
















Det Norske Luftfartselskap
Sikorsky S-43 LN-DAG Valkyrien at Gressholmen.jpg

Skipa 1933
Hovudkontor
Oslo i Noreg
Nedlagd 1948



Ju-52 i nærleiken av Fornebu sjøflyhamn


Det Norske Luftfartselskap var eit tidlegare norsk flyselskap, skipa i 1933. Selskapet dreiv innanlandsruter i Noreg frå 1935 etter at reiarlaga Fred. Olsen & Co. og Det Bergenske Dampskibsselskab hadde skote inn kapital. Seinare vart trafikken utvida til Skandinavia. I 1946 vart selskapet reorganisert og formelt skipa på nytt som fylgje av situasjonen under andre verdskrigen, og vart gjort til den norske eigaren i det felles svensk-dansk-norske flyselskapet Scandinavian Airlines System (SAS), som òg vart skipa dette året. I 2001 vart Det Norske Luftfartselskap, som frå 1996 hadde fått namnet SAS Norge, fusjonert med SAS, til liks med det svenske og det danske selskapet som var medeigarar av SAS.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Kjelder


  • 3 Litteratur


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |


Til å byrje med vart det berre nytta sjøfly i rutetrafikk her i landet. Hovudflyplass var Gressholmen sjøflyhavn, ei hamn med slipp og hangar for flya på øya Gressholmen i Oslo, og flya landa og tok av frå vatnet i Indre Oslofjord. Denne sjøflyhamna sto ferdig i 1927, og var hovudflyplass fram til Oslo lufthamn, Fornebu i Bærum kommune stod ferdig i 1939. Flypassasjerane vart skyssa mellom sjøflyhamna på Gressholmen og kaia ved Oslo Austbanestasjon med motorbåt. I dei første åra dreiv selskapet tilbringarteneste til Grasholmen sjøflyhamn, leia av Bernt Balchen og Terje Rabben.


I 1935 skaffa selskapet seg sine to fyrste fly: Ein Junkers W 34 vart registrert i Norges luftfartøyregister den 1. juni 1935 og fekk kjenneteikna LN-DAB. Flyet vart døypt «Ternen» og sett inn på ei postrute mellom Oslo og København via Gøteborg. Eit større Junkers Ju 52 sjøfly med kjenneteikn LN-DAE fekk namnet «Havørn»[1] (sjå Havørnulukka). Selskapet fekk seg ein ny Junkers 52 i 1936. Dette flyet (LN-DAF) fekk namnet «Najaden».


I juni 1936 opna DNL ei sommarrute mellom Bergen og Tromsø, med flygingar tre gongar i veka. Turen hadde undervegs stopp i Ålesund, Molde, Kristiansund, Trondheim, Brønnøysund, Sandnessjøen, Bodø, Narvik og Harstad. Sommaren 1937 flytta selskapet ruta til å gå frå Gressholmen sjøflyhamn i Oslo.


Etter at selskapets fyrste fly, «Havørn», havarerte i Lihesten i Sognefjorden 16. juni 1936, fekk selskapet seg ein ny Ju 52 to veker seinare. Dette flyet vart registrert som LN-DAH den 1. juli 1936 og gjeve namnet «Falken». LN-DAH vart overteke av den tyske okkupasjonsmakya under krigen, men levert tilbake etter krigen, og flaug som LN-KAF «Askeladden» for DNL og seinare SAS til 1956. Det vart då selt til Ecuador, seinare til USA, for så å verte overteke av Deutsche Lufthansa Berlin-Stiftung i 1984. Flyet er framleis operativt.[2][1]


DNL opererte kystruta sommarsesongen 1936 – 1939, og hadde starta opp programmet for den komande sommaren då Noreg vart okkupert 9. april 1940, og dei to flya «Falken» og «Hauken» vart teke av okkupasjonsmakta.


I 1936 skreiv selskapet under paei avtale med Pan American World Airways om ei felles atlanterhavsrute. Pan American skulle fly strekninga New York-Reykjavík med Clipper fly og DNL skulle fly frå Reykjavík til Bergen med eit nyinnkjøpt Sikorsky S-43 som vart registrert LN-DAG og fekk namnet «Valkyrien». Like etterpå braut Pan American avtala utan grunngjeving, og DNL vart sitjande igjen med eit fly som selskapet no ikkje hadde behov for. Flyet vart i ei kort tid brukt på sommarruta Oslo-Stockholm, men vart seinare selt til Frankrike. Bernt Balchen som hadde forhandla med Pan Americans direktør Juan Trippe om avtala, uttalte seinare at «det var vi som ble sittende igjen med ungen og skammen».


Etter ein stans medan krigshandlingane pågikk vart det gjenopptatt ei mellombels kystrute med norske passasjerar og norsk post med dei gamle DNL-maskinene, truleg «Najaden»,[3] no med ein tysk flygar i cockpit saman med det norske mannskapet. Dette rutetilbodet vart halde vedlike fram til hausten 1941, då alle norske flygarar måtte forlata cockpit.
Nord-Noreg ruta i 1940/1941 vart no òg for fyrste gong floge om vinteren.




Junker sin Ju-52 på Gressholmen flyplass




Sikorsky S-43 på Gressholmen flyplass




Land som kunne nåast gjennom DNL og SAS i samarbeid. (Grå: Trafikkert av begge. Raud: Trafikkert av DNL. Blå: Trafikkert av SAS)


,



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Det Norske Luftfartselskap» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2018.




  1. 1,01,1 «Junkers Ju 52/3m», Luftfartsmuseum.no


  2. «Rutefly fra 1930-tallet fortsatt på vingene», Aftenposten, 20. juli 2009.


  3. Nerdrum, Johan (1986). Fugl Fønix: en beretning om Det norske luftfartselskap. [Oslo]: Gyldendal. ISBN 8205166633. 



Litteratur |



  • Bjørhovde, Bjørn; Sturk, Erik, ill. (1997): SAS fly gjennom tidene. Oslo: DNL/SAS historielag.

  • Nerdrum, Johan (1988): Fugl Fønix : en beretning om Det Norske Luftfartselskap. Oslo: Gyldendal, ISBN 82-05-16663-3



Bakgrunnsstoff |



  • DNLs rutetabellar

  • Hendingar med DnL-fly 1936-1950




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva