Thorleif Schjelderup (20. januar 1920–28. mai 2006) var ein norsk skihoppar og forfattar frå Oslo. Ferdinand Schjelderup var far hans. Han var 1940-44 gift med Sossen Krohg. Seinare var han gift med Anne Brown. På 1970-talet budde han fleire år i Stockholm, saman med operasongaren Ranveig Eckhoff.
Innhaldsliste
1Skihoppar
1.1Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
1.2Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
2Forfattarskap
3Bibliografi
4Kjelder
Skihoppar |
Schjelderup vann sølvmedaljen under NM-hopprennet i 1947, 0,7 bak overraskingsmannen Henry Amdahl. Under det spesielle hopprennet i Vinter-OL 1948 vann Schjelderup bronsemedaljen bak landsmennene Petter Hugsted og Birger Ruud. Same året vart han nummer to i Holmenkollrennet, bak Arne Hoel, men på plassen føre olympiameisteren Hugsted, samt han fekk bronse under noregsmeisterskapen, delt med Birger Ruud. Schjelderup var den første nordmann som hoppa over 100 meter på ski. Han var instruktør for det norske hopplandslaget frå 1957 til-62.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn |
1948: OL-bronse i St. Moritz. Nr 2 i Holmenkollen
1949: Nr 12 i Holmenkollen
1950: Nr 11 i Holmenkollen
1951: Nr 5 i Holmenkollen
1953: Nr 13 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |
1946: Nr 6
1947: Sølvmedalje
1948: Bronsemedalje på Lillehammer
Forfattarskap |
Schjelderup dreiv eit omfattande friluftsliv, mellom anna var han, som far sin, medlem av Norsk Tindeklub. Han skreiv fleire bøker om friluftsliv og reiseliv. Tidleg tok han i bruk smalfilm, reiste i mange år rundt og viste film og kåserte.
Bibliografi |
Fra sprøytehopp til Planica, 1950
Du skulle forføres : noen tanker om frihet, 1952
Alt om skihopping, 1956
Hvordan planlegges samfunnet : orientering for ungdom om regionplanlegging, 1969
Thorleif Schjelderup & Rolf Vik: Miljøvern, 1973.
Hva er galt med oss?, 1976
Så langt øyet kan se., 1979
Mitt hjerte til Vestlandet., 1981
Kjelder |
P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo, 1957
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...