Collegerock























College rock er eit omgrep som vart nytta i USA for å skildre alternativ rock i 1980-åra, før uttrykket «alternativ» vart vanleg å nytte. Namnet kjem av at studentradiostasjonar i Canada og USA brukte å spele denne musikken.[1][2]



Musikk |


Banda innan sjangeren kombinerte eksperimenteringa i post-punk og New Wave med ein meir melodisk popstil og ein kjensle av undergrunn. Det er ikkje nødvendigvis eit sjangeromgrep, men det finst nokre fellestrekk mellom collegerockbanda. Artistar som R.E.M., 10,000 Maniacs, The Smiths, XTC og The Replacements var somme av dei meir kjende døma på midten av 1980-talet.



Oversyn |


I 1988 hadde nokre collegerockartistar byrja å få merksemd og fleire hadde hatt singlar inne på Topp 40 på Billboard Hot 100. Av desse finn ein The Church, som nådde 26. plass med singelen «Under the Milky Way»,[3]Midnight Oil, som nådde 17. plass med singelen «Beds Are Burning»[4] og Love and Rockets som nådde 3. plass med singelen «So Alive» i 1989.[5] I 1988 hadde òg R.E.M. vorte populære med singlane «The One I Love» og «Stand».[6]


I september 1988 introduserte Billboard Modern Rock Tracks-lista som overvaka såkalla «moderne rock» på radio. Fleire collegerock-artistar fekk stor suksess på denne lista dei første åra ho eksisterte.


Utover i 1990-åra vart omgrepet «college rock» stort sett erstatta av omgrepet «alternativ» og «indie rock».



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «College rock» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Allmusic: College Rock


  2. «About.com: Profile of College Rock, the Original '80s Alternative». 80music.about.com. 2011-02-01. Henta 13. des. 2011. 


  3. The Church > Charts & Awards > Billboard Singles. Allmusic


  4. Midnight Oil > Charts & Awards > Billboard Singles. Allmusic


  5. Love and Rockets > Charts & Awards > Billboard Singles. Allmusic


  6. R.E.M. > Charts & Awards > Billboard Singles. Allmusic



















Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?