You Got Lucky
You Got Lucky Singel av Tom Petty and the Heartbreakers frå albumet Long After Dark | ||
B-side | «Between Two Worlds» | |
|---|---|---|
Utgjeve | 22. oktober 1982 | |
Innspelt | 1982 | |
Sjanger | Heartland rock | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | Backstreet | |
Låtskrivar(ar) | Tom Petty, Mike Campbell | |
Produsent | Tom Petty, Jimmy Iovine | |
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi | ||
| «A Woman In Love (It's Not Me)» (1981) | You Got Lucky | «Change of Heart» (1983) |
«You Got Lucky» er ein song av Tom Petty and the Heartbreakers og den første singelen frå albumet Long After Dark i 1982. Singelen nådde 20. plassen på Billboard Hot 100 og toppen av Billboard Top Tracks-lista, der han låg i tre veker mot slutten av 1982.
Innhaldsliste
1 Musikkvideo
2 Medverkande
3 Lister
4 Andre versjonar
5 Kjelder
Musikkvideo |
Den offisielle videoen for singelen syner Tom Petty og Mike Campbell som kjem i ein svevebil i fjernsynsserien Logan's Run til i eit svart telt i ørkenen. Dei finn ein radio eller kassettspelar, skur han på og musikken startar, medan dei andre bandmedlemmane, Howie Epstein, Benmont Tench og Stan Lynch, kjem på ein motorsykkel med sidevogn. Dei går inn i teltet og skrur på straumen for instrumenta sine og ei rekkje fjernsynsapparat, der ein kan sjå videoar av The Heartbreakers sine «Here Comes My Girl» og «A Woman In Love (It's Not Me)». Campbell spelar ein gitarsolo, Howie vinn jackpot på ein einarma banditt, og Petty veltar eit Astro Invader-videospel før dei alle dreg avstad.
Medverkande |
Tom Petty – solovokal
Mike Campbell – rytme- og sologitarar
Benmont Tench – akustisk piano, synthesizer
Stan Lynch – trommer
Howie Epstein – bassgitar, korvokal- Phil Jones – perkusjon
Lister |
| Liste (1982-1983) | Plassering |
|---|---|
| U.S. Billboard Hot 100 | 20 |
| U.S. Billboard Top Tracks | 1 |
| Canadian RPM Top Singles | 30 |
Andre versjonar |
- Ein versjon av songen finst på ei deluxe-utgåve av The Gaslight Anthem-albumet Handwritten frå 2012.
Divine Fits spelte 'You got Lucky' på åturneen sine i 2013.[1]
Tony Lucca spelte ein versjon av songen i 2011 på albumet Under The Influence.
Ridley Bent spelte songen i 2014 på albumet Wildcard.[2]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «You Got Lucky» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ http://consequenceofsound.net/2013/06/listen-to-divine-fits-cover-tom-pettys-you-got-lucky-at-bonnaroo/
↑ Ladan, Bruce (5. april 2014). «Ridley Bent releases fourth album Wildcard in Winnipeg». CBC News. Henta 5. november 2014.
Tom Petty and the Heartbreakers | |
|---|---|
Tom Petty · Mike Campbell · Benmont Tench · Ron Blair · Scott Thurston · Steve Ferrone Stan Lynch · Howie Epstein | |
| Studioalbum | Tom Petty and the Heartbreakers · You're Gonna Get It! · Damn the Torpedoes · Hard Promises · Long After Dark · Southern Accents · Let Me Up (I've Had Enough) · Into the Great Wide Open · Songs and Music from "She's the One" · Echo · The Last DJ · Mojo · Hypnotic Eye |
| Tom Petty solo | Full Moon Fever · Wildflowers · Highway Companion |
| Mudcrutch | Mudcrutch · Extended Play Live |
| Konsertalbum | Official Live 'Leg · Pack Up the Plantation: Live! · The Live Anthology · Mojo Tour 2010 |
| Samleplater | Greatest Hits · Playback · Anthology: Through the Years |