Jammin' Me






































Jammin' Me
Singel av Tom Petty and the Heartbreakers


B-side
«Make That Connection»

Utgjeve
18. april 1987

Sjanger

Heartland rock

Lengd
4:08

Selskap

MCA

Låtskrivar(ar)

Tom Petty, Bob Dylan, Mike Campbell

Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi
«So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star»
(1986)

Jammin' Me
«All Mixed Up»
(1987)




«Jammin' Me» er den første singelen frå Let Me Up (I've Had Enough), ein album av Tom Petty and the Heartbreakers frå 1987. Songen er skriven av Bob Dylan, Tom Petty og Mike Campbell. Heartland rock-songen er gjeven ut på samlealbuma Playback og Anthology: Through the Years.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn og tekst


  • 2 Utgjeving og mottaking


  • 3 Medverkande


  • 4 Lister


  • 5 Kjelder





Bakgrunn og tekst |


På True Confessions-turneen mellom Tom Petty og Bob Dylan (som begge seinare vart med i Traveling Wilburys), samarbeidde på denne songen, som vart opningssporet på albumet.[1] Songen handlar om ein mann som er «overvelda av «dei mange usamanhengande nyhendene som vert skapt i feilinformasjonsalderen»[2] og inneheld ein «vaskesetel»[1] av kjendisar i 1980-åra som Eddie Murphy, Joe Piscopo og Vanessa Redgrave, og eplet i auga til den unge Steve, er truleg ein referanse til Steve Jobs.[1] Noko av teksten kom frå Dylan og Petty som plukka ord ut av ei avis og frå fjernsyn.[3]



Utgjeving og mottaking |


«Jammin' Me» vart gjeven ut som den første singelen frå Let Me Up (I've Had Enough) i 1987. Han nådde førsteplassen av Billboard Album Rock Trackslista og 18. plassen på Billboard Hot 100.[4] Han vart den tredje singelen til Petty som nådde toppen av Album Rock-lista (seinare kalla Mainstream Rock) og låg der i fire veker.[5] Kritikarane likte generelt singelen og Allmusic samanlikna han med Rolling Stones-songen «Start Me Up» og skreiv «den fantastiske grooven er særs smittande».[1]Rolling Stone likte dei «rå gitarakkordane» til Petty og Campbell og «honkytonk-pianoet» til Benmont Tench.[2]



Medverkande |




  • Tom Petty - solo- & korvokal


  • Mike Campbell - solo- & rytmegitarar, bassgitar, perkusjon


  • Benmont Tench - piano, organ


  • Stan Lynch - trommer, perkusjon


  • Howie Epstein - bass



Lister |























Liste (1987)
Plassering
U.S. Billboard Album Rock Tracks
1
U.S. Billboard Hot 100
18
Kanadiske RPM Top Singles
41
New Zealand
38


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Jammin' Me» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2015.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,11,21,3 «Let Me Up (I've Had Enough) Review». Allmusic. Henta 13. mars 2015. 


  2. 2,02,1 «Let Me Up (I've Had Enough) Review». Rolling Stone magazine. Henta 13. mars 2015. 


  3. «Jammin' Me». Songfacts.com. Henta 13. mars 2015. 


  4. «Tom Petty Chart history». Bilboard. Henta 13. mars 2015. 


  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 490.











Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?