Idrottslaget Hødd







































IL Hødd
Fullt namn Idrottslaget Hødd
Kallenamn Hødd
Grunnlagd 1. august 1919
Heimebane
Høddvoll stadion
(kapasitet: 6 000)
Styreleiar Bård Dalen
Hovudtrenar Sindre Eid
Liga OBOS-ligaen

















Heimedrakt














Bortedrakt



Soccerball current event.svgNoverande sesong

Idrottslaget Hødd er eit idrettslag frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Laget vart stifta 1. august 1919, og er mest kjend for fotballaget som var i eliteserien for menn i 1966, 1969–1972 og 1995. Klubben spelar denne sesongen i OBOS-ligaen. Noverande hovudtrenar er Sindre Eid.


Hødd vart i 2012 noregsmeistrar etter at dei vann over Tromsø i straffesparkkonkurranse.


Fotballpersonlegdomar som Åge Hareide og Jan Åge Fjørtoft har bakgrunn frå Hødd.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Kjende Hødd-spelarar


  • 3 Adelskalender


  • 4 Merittar


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Historie |


Hødd rykte opp til toppserien for første gong i 1965 etter å ha vunne serien føre storlag som Brann og Rosenborg. Det vart nedrykk året etter, men Hødd kjempa seg tilbake til toppserien i 1968. Denne gongen klarte klubben å halde seg oppe på målskilnaden. Tida rundt 1970 vart stordomstida for Hødd med storspelarar som Kjetil Hasund og Otto Sundgot. Hødd rykte ned att i 1972.


Etter fleire sesongar i 1. divisjon, med ein visitt i Tippeligaen 1995 (3. sist), rykte klubben ned til 2. divisjon i 2006. Etter ein katastrofal vårsesong og trenarskifte, fekk Hødd ein god haust og sanka ein del poeng. Men det heldt ikkje til å berge plassen. Erik Brakstad sa opp som trenar etter sesongen.


Etter 2006-sesongen tilsette dei årets tippeligatrenar i 2002, Sture Fladmark, som ny hovudtrenar. Klubben satsa hardt på å nå målet om opprykk i 2007-sesongen. Klubben reduserte ikkje budsjettet nemneverdig, men styrkte spelarstallen og tilsette hovudtrenararen på fulltid. 20. oktober 2007, i nest siste serierunde, vart det klart at Hødd skulle spele i 1. divisjon i 2008. Hødd er per dags dato det laget som har spelt flest sesongar i Adeccoligaen.


Hødd vart cupmeister i 2012 etter å ha slått Tromsø på straffer i Cupfinalen i fotball for herrar 2012. Som fylgje av god nynorskbruk og promotering som "noregsmeister", so fekk Hødd ein Målblome av Sunnmøre mållag[1].


Eliteserielag: 1966, 1969–72 og 1995.



Kjende Hødd-spelarar |



  • Kjetil Hasund

  • Hallbjørn Hasund

  • Otto Sundgot

  • Åge Hareide

  • Jan Åge Fjørtoft

  • Ole Bjørn Sundgot

  • Geir Hasund

  • Arild Sundgot

  • Lars Ivar Moldskred

  • Morten Moldskred

  • André Nevstad

  • Magnus Myklebust

  • Karl Oskar Fjørtoft



Adelskalender |






































































Namn
Kampar
Mål
1 André Nevstad 682 91
2 Otto Sundgot 668 183
3 Kjetil Hasund 646 460
4 Hallbjørn Hasund 458 133
5 Sindre Eid 440 18
6 Audun Wingsternes 421 12
7 Tor Meinseth 406 30
8 Per Dimmen 402 21
9 Jan Arild Roppen 401 159
10 John Åge Sundal 378 60


Merittar |



  • Cupmeistrar: 2012


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Idrottslaget Hødd» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2013.




  1. «Målblome til Hødd». 



Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell side

  • Blåsarane


Mal:OBOS-ligaen 2019







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva