Lyngdal kommune
Lyngdal kommune | ||
kommune | ||
| ||
Land | Noreg | |
---|---|---|
Fylke | Vest-Agder | |
Adm.senter | Alleen | |
Areal | 391 km² | |
- land | 372 km² | |
- vatn | 19 km² | |
Folketal | 8 571 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 23 / km² | |
Målform | bokmål | |
Ordførar | Jan Kristensen (H) | |
Kommunenr. | 1032 | |
Wikimedia Commons: Lyngdal | ||
Nettstad: www.lyngdal.kommune.no | ||
Lyngdal er ein kommune sør i Vest-Agder fylke. Offisielt fekk kommunen bystatus den 1. januar 2001. Lyngdal er ein kystkommune, som grensar til kommunane Farsund, Kvinesdal, Hægebostad, Audnedal og Lindesnes. Kommunen har tre fjordar, Rosfjorden (som har høgt saltinnhald og sjeldan frys), Lyngdalsfjorden og Grønsfjorden, som innanfor Jåsund heiter Lenefjorden. Høgaste punkt er Kalåsknipa, som på toppen er 506 m.o.h. Kommunen si noverande grense fekk han etter samanslåinga av Lyngdal, Austad, Kvås og delar av Spangereid (vest for Lenefjorden) i 1963.
Lyngdal kommunestyre har 29 medlemer. Etter kommunevalet i 2003 var fordelinga slik: KrF 7, A 5, H 5, FrP 5, SP 3, V 2 og SV 2.
Kommunen har namn etter elva Lygna, som renn gjennom kommunen. Namnet Lyngdal tyder 'Lygna-dalen'.
Viktig innan næringslivet er treforedling, jordbruk og handel. Turisme er òg sentralt, med strendene i Kvavik og Rosfjord.
Tettstader |
- Lyngdal
- Skomrak
Personar med tilknyting til Lyngdal |
Teis Lundegaard (1774-1856), eidsvollsmann og stortingsmann
Aanen Olsen Bergsager (1808-1879) stortingsmann, ordførar, lærar og kyrkjesongar
Gabriel Michelsen Bordvig (1792-1881), Skippar, stortingsmann i fleire periodar.
Trygve Haugeland (1914-1998), stortingsmann og miljøvernminister. Aktiv innan misjon, politikk og landbruk.
Abraham Berge (1851-1936), politikar og statsminister. Fødd og oppvaksen i Lyngdal, men flytta ut 16 år gamal.
Ole Vollan (1837-1907) Redaktør, skulemann og politikar. Voks opp i Lyngdal, men budde seinare i Bergen.
Peder Ramsland (1856-1938), felemakar og kunstnar
Gustava Kielland (1800-1889), prestefrue viktig innan misjon
Gabriel Kielland (1796-1854), prest viktig innan misjon
Bakgrunnsstoff |
- Lyngdal kommune
Kommunar i Vest-Agder | ||
---|---|---|
|
Koordinatar:
|