23. mars
23. mars er den 82. dagen i den gregorianske kalenderen (83. under skotår). Det er 283 dagar att av året.
Innhaldsliste
1 Merkedag
1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
1.2 Religiøs helgedag
1.3 Tidlegare feiringar
1.4 Namnedag
2 Hendingar
2.1 Utlandet
2.2 Noreg
3 Fødde
4 Døde
Merkedag |
- Dagen for polsk-ungarsk vennskap
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |
Nasjonaldag i Pakistan |
Religiøs helgedag |
Bevegelege heilagdagar som fell på 23. mars i 2019:
- Helgendag for Turibius av Mogrovejo og Rafqa Pietra Choboq Ar-Rayès i den katolske kyrkja
Tidlegare feiringar |
- Romarane feira siste dagen av quinquatria til ære for Minerva og tubilustrium til ære for guden Mars.
Lieldienas, gammal latvisk vårjamdøgnfeiring
Namnedag |
Noreg | Gerda og Gerd |
Sverige | Gerda og Gerd |
Danmark | Fidelis |
Hendingar |
Utlandet |
Spel av media
752: Stefan II vart pave.
1801: Tsar Paul I av Russland vart drepen på sitt eige soverom.
1903: Brørne Wright søkte om patent for si oppfinning av flyet.
1919: Benito Mussolini grunnla fascistrørsla i Milano.
1933: Den tyske riksdagen gav Adolf Hitler uinnskrenka makt over Tyskland.
1935: Grunnlova for Det filippinske samveldet vart underskriven.
1942: Andre verdskrig: Japanske styrkar erobra Andamanane i Indiahavet.
1948: Det danske Folketinget vedtok Heimestyrelova for Færøyane som gjorde Færøyane til eit sjølvstyrt folkesamfunn i det danske riket.
1956: Pakistan vart den første islamske republikken.
1978: Dei første UNIFIL-styrkane kom til Libanon.
1980: Folkerøystinga om atomkraft i Sverige
1994: Den mexicanske presidentkandidaten Luis Donaldo Colosio vart drepen i eit attentat under eit valkampoppdrag.
1996: Lee Teng-hui vart president i republikken Kina (Taiwan).
1999: Paraguay sin visepresident Luis María Argaña vart drepen i eit attentat.
2001: Den russiske romstasjonen Mir styrta i Stillehavet ved New Zealand.
Noreg |
1966: Vogt-komitéen leverte sin endelege vurdering av språksituasjonen i Noreg.
Fødde |
- Sjå òg Fødde den 23. mars.
1856: Johan Nordhagen, norsk kunstmålar
1858: Ludwig Quidde, tysk historikar, forfattar, politikar og vinnar av Nobels fredspris i 1927
1877: Marta Steinsvik, norsk forfattar, omsetjar og målkvinne
1900: Erich Fromm , tysk psykoanalytikar
1910: Akira Kurosawa, japansk filmregissør
1912: Wernher von Braun, tysk-amerikansk fysikar og ingeniør
1943: Nils-Aslak Valkeapää, finsk-samisk kunstnar, musikar og forfattar
1956: José Manuel Barroso, portugisisk politikar og president i Europakommisjonen
1960: Espen Beranek Holm, norsk musikar
1968: Sigmund Jensen, norsk forfattar
Døde |
- Sjå òg Døde den 23. mars.
1555: Pave Julius III
1748: Johann Gottfried Walther, tysk organist og komponist
1801: Tsar Paul I av Russland
1842: Stendhal, fransk forfattar
1931: Bhagat Singh, indisk fridomskjempar
1994: Giulietta Masina, italiensk skodespelar
< Mars > | |
---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 > |