Finnsnes
Finnsnes | |
tettstad | |
Finnsnes sett frå Hurtigruta | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Troms |
Kommune | Lenvik |
Areal | 3,27 km² |
Folketal | 4 658 (2017) |
Folketettleik | 1 424 / km² |
Postnummer | 9300 FINNSNES |
Innbyggjarnamn | finnsnesværing |
Preposisjon | på Finnsnes |
Wikimedia Commons: Finnsnes | |
Finnsnes er ein by og administrasjonssenteret i Lenvik kommune i Troms. Byen ligg på ein odde på fastlandet ut mot Senja, om lag 70 km sørvest for Tromsø, og er knytt til tettstaden Silsand på Senja-sida med den 1147 meter lange Gisundbrua. Frå Finnsnes går fylkesveg 86 søraustover til E 6. Hurtigruta har anløp på Finnsnes, og det er samband med hurtigbåt til Harstad og Tromsø.
Finnsnes er eit viktig inustri-, handels- og kommunikasjonssenter og regionsenter for ytre Midt-Troms. Byen har kjøpesenter, hamn, hotell, idrettsbygg, kulturhus, barne- og ungdomsskole. Kontora til avisa Troms Folkeblad ligg på Finnsnes.
I 2000 vedtok Lenvik kommunestyre bystatus for Finnsnes.
Bildegalleri |
Finnsnesvatnet med Lenvik rådhus til høgre
Finnsnes senter
Ottarstatuen på Valen, like ved Lundkaia
Finnsnes rundkøyring
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Finnsnes
- Bilder av Finnsnes
- Troms Folkeblad
|