Malangen
- For fjorden med same namn sjå Malangsfjorden.
Malangen er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Troms fylke. Opphavleg var Malangen del av Balsfjord formannskapsdistrikt. 1. januar 1871 blei han skild ut som eigen kommune med 1 425 innbyggjarar.[1] Samstundes blei ein del av Lenvik med 70 innbyggjarar overført til Malangen.[1]
1. januar 1873 blei ein del av Malangen med 287 innbyggjarar overført til Tromsøysund.[1]
I 1891 blei nokre parsellar på Målsnes i Malangen med 30 innbyggjarar overført til Målselv.[1]
1. januar 1964 blei det meste av Malangen og Balsfjord slått saman til ein kommune som fekk namnet Balsfjord. Malangen hadde ved samanslåinga 1 940 innbyggjarar.[1]Naveren og Målsnes i Malangen med 118 innbyggjarar gjekk inn i Målselv kommune. Garden Skogli ved Heia i Balsfjord med 2 innbyggjarar gjekk òg inn i Målselv.[1]
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling for tidlegare Malangen kommune frå 1900 til 1964:
1900[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1964[1] |
---|---|---|---|---|---|---|
1613 | 1788 | 1966 | 2296 | 2282 | 2111 | 2058 |
Referansar |
↑ 1,01,11,21,31,41,51,6 Dag Juvkam. «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen s. 80-83» (PDF). Statistisk sentralbyrå, 1999.
↑ "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
↑ 4,04,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
↑ 5,05,1 Folkemengd i Malangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff |
Kristian Gleditsch (1957). «Malangen». I Arnulv Sudmann. Norsk allkunnebok. 8. Oslo: Fonna. s. 403. Ekstern lenkje i|artikkel=
(hjelp)
Nils A. Ytreberg (1943). Malangen bygdebok. Trondheim: Malangen bygdebok-komité.
B. Ladnes (1949). Slekter i Malangen. Mestervik: Eige forlag.
Anders Ole Hauglid (1991). Balsfjorden og Malangens historie : fram mot økt sjølstyre. 2 : 1830-1920 fram mot økt sjølstyre. Storsteinnes: Balsfjord kommune. ISBN 8299250706.
SSB, red. (1962). Folketellingen 1. november 1960 : tellingsresultater : tilbakegående tall : prognoser : : 1932 Malangen. Oslo: Statistisk sentralbyrå.
- «Forskrift om sammenslåing av Malangen, Balsfjord og Storfjord kommuner, Troms.»
Koordinatar: