Free Fallin'










































Free Fallin'
Singel av Tom Petty


B-side
«Down the Line» (berre USA)
«Love Is a Long Road» (Britisk singel, 12" og CD)
«Free Fallin'» (live) (Britisk 12" og CD)

Utgjeve

Mal:Start date

Sjanger

Rock

Lengd
4:14

Selskap

MCA Records

Låtskrivar(ar)
Tom Petty, Jeff Lynne

Produsent
Jeff Lynne, Tom Petty, Mike Campbell

Tom Petty-kronologi
«Runnin' Down a Dream»
(1989)

Free Fallin'
«A Face in the Crowd»
(1990)




«Free Fallin'» er opningssporet på det første soloalbumet til Tom Petty, Full Moon Fever frå 1989. Songen vart skriven av Petty og Jeff Lynne (og Lynne er med på korvokal og bassgitar). Duoen skreiv og spelte inn singelen på to dagar, og det var den første songen som vart gjort ferdig for Full Moon Fever.


«Free Fallin'» er ein av dei mest kjende Petty-songane, og den som låg lengst på singellistene. Han nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 i januar 1990. Petty og The Heartbreakers framførte songen på MTV Video Music Awards i 1989 med Axl Rose og Izzy Stradlin og i februar 2008 i pausen på Super Bowl.[1] Songen er rangert på 179. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen er nytta i filmen Jerry Maguire frå 1996 og The Sopranos-episoden «Funhouse» (2000). Lou Reed valte ut songen som ein av favorittane hans frå 1989..[2]




Innhaldsliste






  • 1 Medverkande


  • 2 Innhald


  • 3 Andre versjonar


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Medverkande |




  • Tom Petty – solovokal, gitar


  • Mike Campbell – gitar


  • Jeff Lynne – korvokal, bassgitar


  • Phil Jones – trommer



Innhald |




























US 7" / Kassett
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Free Fallin'»  
Tom Petty, Jeff Lynne
4:14
2. «Down the Line»  
Buddy Holly, Bob Montgomery, Norman Petty
2:54
7:08



























UK 7"
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Free Fallin'»   Petty, Lynne 4:14
2. «Love Is a Long Road»   Petty, Mike Campbell
4:06
8:20






























UK 12" / CD
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Free Fallin'»   Petty, Lynne 4:14
2. «Love Is a Long Road»   Petty, Mike Campbell
4:06
3. «Free Fallin'» (live)
Petty, Lynne  


Andre versjonar |



  • I 1993 - De La Soul og Teenage Fanclub sampla songen for «Fallin'» på Judgement Night

  • I 1996 - I filmen Jerry Maguire syng Tom Cruise til songen med han køyrer bil

  • I 1996 - Stevie Nicks spelte songen for musikken til Party of Five, og songen vart seinare spelt inn for albumet Enchanted

  • I 1996 - Komikargruppa The Dead Alewives spelte inn ein parodi av songen kalla «Total Recallin'»

  • I 1999 - Deana Carter song ein versjon av songen som vart spelt i sesong tre av animasjonskomedien King of The Hill (sendt 14. mai 1999). Denne versjonen vart sidan gjeven ut på musikkalbumet frå serien.

  • I 2001 - Kings of Convenience spelte ein liveversjon av songen på EPen Failure

  • I 2002 - YG Family-albumet 97-YG-02 inneheld ein koreanskspråkleg versjon

  • I 2003 - Tony Hadley, frontmann i Spandau Ballet, gav ut ein versjon av songen for samlealbumet True Ballads

  • I 2003 - Mýa spelte songen for Moodring. Songen har ein anna tekst og arrangement.

  • I 2005 - Keith Urban spelte songen live og ei utgåve finst på DVDen Livin' Right Now

  • I 2006 - Rapperen Pimp C sampla songen for «I'm Free» på albumet Pimpalation

  • I 2007 - Den amerikanske songar-låtskrivar John Mayer spelt ein liveversjon av songen for konsertalbumet Where the Light Is

  • I 2008 - I episode 119 av Cold Case, kalla «Triple Threat», vert songen spelt inn av den russiske songaren Elena Satine, der det andre verset var erstatta av «Va Pensiero» frå Verdi sin Nabucco, sungen på italiensk av Satine.

  • I 2009 - Chamillionaire sampla songen for songen «Good Morning»

  • I 2009 - Ben Rector spelte songen for albumet Into the Morning

  • I 2010 - Det alternative rockeband The Almost spelte songen for samlealbumet Punk Goes Classic Rock

  • I 2010 - Three Days Grace spelte songen på konsertane sine

  • I 2011 - Umphrey's Mcgee spelte songen i Ashbury Park, NJ

  • I 2011 - Alejandro Fuentes spelte songen på Allsång På Grensen

  • I 2013 - Katey Sagal spelte songen på albumet Covered

  • I 2014 - Kesha spelte songen på Best Fest's Petty Fest 3. april 2014



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Free Fallin'» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2015.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «Topic Galleries». Chicago Tribune. 


  2. Rolling Stone, 8. mars 1990







Bakgrunnsstoff |



  • SongFacts om «Free Fallin'»


  • Heile songteksten på MetroLyrics








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva