Street Fighting Man
«Street Fighting Man» Singel av the Rolling Stones frå albumet Beggars Banquet | ||
Utgjeve | 31. august 1968 | |
Innspelt | Mars–april, 1968 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:15 | |
Selskap | London 45 LON 909 (US) | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | Jimmy Miller | |
the Rolling Stones-kronologi | ||
«Jumpin’ Jack Flash» (1968) | «Street Fighting Man» | «Honky Tonk Women» (1969) |
«Street Fighting Man» er ein song av the Rolling Stones på albumet deira Beggars Banquet frå 1968. Songen har vorte kalla «den mest politiske songen» til Stones,[1] og musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 295. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Innhaldsliste
1 Inspirasjon
2 Innspeling
3 Utgjeving
4 Medverkande
5 Salslister
6 Andre utgåver
7 Kjelder
8 Bakgrunnsstoff
Inspirasjon |
Songen vart opphavleg kalla og spelt inn som «Did Everyone Pay Their Dues?», med same musikk men heilt annan tekst. «Street Fighting Man» er kjend som ein av Mick Jagger og Keith Richards sine mest politiske songar. Jagger skreiv visstnok teksten om Tariq Ali etter at Jagger var med på ei antikrigssamling i mars 1968 ved den amerikanske ambassaden i London, då politi til hest prøvde å få kontroll over den 25 000 store menneskemassen.[2][3] Han fann òg inspirasjon i den aukande valden i studentopprøra på Vestbreidda i Paris,[4] som var opptakten til mai 1968.
Bruce Springsteen kommenterte i 1985, etter å ha spelt «Street Fighting Man» som ekstranummer på Born in the U.S.A.-turneen at linja «What can a poor boy do but sing in a rock and roll band?» er ei av dei beste rock and roll-linjene nokon gong.[5]
Innspeling |
But what can a poor boy do except to sing for a Mick Jagger |
Innspelinga av «Street Fighting Man» starta ved Olympic Sound Studios i mars 1968 og heldt fram i mai og juni seinare på året. Med Jagger på solovokal og både han og Richards på korvokal, spelte Brian Jones sitar og tambur på songen. Richards speler dei akustiske gitarane på songen, samt bass, som faktisk er det einaste elektriske instrumentet på sporet. Charlie Watts speler trommer medan Nicky Hopkins speler piano, som ein best høyrer mot slutten. Shehani vert spelt av Dave Mason. På tidlege utgåver av «Did Everybody Pay Their Dues», spelte Rick Grech elektrisk bratsj.[6]
Utgjeving |
Songen vart gjeve ut på Beggars Banquet og som første singel frå plata 31. august 1968. Songen var populær då han kom ut, men nådde berre 48. plass i USA, sidan mange radiostasjonar ikkje ønskte å spele songen på grunn av teksten. Dette forsterka seg då songen vart gjeve ut ei veke etter opprøra under demokratane sin nasjonalkonvent i Chicago i 1968.[7] B-sida var «No Expectations». Singelen vart først gjeven ut i Storbritannia i 1970.
Songen har vorte gjeven ut på samlealbuma Through the Past, Darkly (Big Hits Vol. 2), Hot Rocks 1964-1971, Singles Collection: The London Years (singelutgåva) og Forty Licks. Han har vorte spelt mykje på konsertar opp gjennom åra og er med på konsertalbuma Get Yer Ya-Ya's Out!, Stripped og Live Licks.
Medverkande |
The Rolling Stones[8]
Mick Jagger – vokal, perkusjon
Keith Richards – akustisk gitar, bassgitar, slidegitar
Brian Jones – sitar, tanpura
Charlie Watts – trommer
Andre medverkande
Dave Mason – shehnai, basstromme
Nicky Hopkins – piano
Salslister |
Liste (1968) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[9] | 7 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10] | 13 |
Canada Top Singles (RPM)[11] | 32 |
Tyskland (Media Control AG)[12] | 7 |
Nederland (Mega Single Top 100)[13] | 5 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[14] | 4 |
US Billboard Hot 100[15] | 48 |
Liste (1971) | Plassering |
UK Singles (Official Charts Company)[16] | 21 |
Andre utgåver |
«Street Fighting Man» har vorte spelt av mange artsitar, mellom anna Rage Against the Machine, Rod Stewart, Mötley Crüe, the Ramones, Oasis.
Gitarist Pete Townshend frå the Who har sagt at den stakkato rytmen i «Street Fighting Man» var ein inspirasjon for deira «I’m Free» frå albumet Tommy.[17]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Street Fighting Man» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2009.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «Street Fighting Man». Rolling Stone. 2004.
↑ Azania, Malcolm. "Tariq Ali: The time is right for a palace revolution". Vue Weekly. 2008.
↑ "Street Fighting Man". Rolling Stone. 2004.
↑ Roy Carr, The Rolling Stones: An Illustrated Record, Harmony Books, 1976. ISBN 0-517-526417. s. 55.
↑ Marsh, Dave. Glory Days: Bruce Springsteen in the 1980s. Pantheon Books, 1987. ISBN 0-394-54668-7. s. 229-230.
↑ "Street Fighting Man". timeisonourside.org. 2007.
↑ Unterberger, Richie. ««Street Fighting Man»». allmusic.
↑ Ian McPherson. «Street Fighting Man». Timeisonourside.com. Henta 2016-10-02.
↑ "The Rolling Stones – Street Fighting Man – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – Street Fighting Man" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 26. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones - Street Fighting Man". Charts.de. Media Control. Henta 26. mars 2018.
↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Street Fighting Man" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – Street Fighting Man – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
↑ "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2018.
↑ "Chart Stats – Rolling Stones – Street Fighting Man" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 26. mars 2018.
↑ «I'm Free». www.thewho.net. 2001.
Bakgrunnsstoff |
Heile songteksten på MetroLyrics
302: «Get Up - Stand Up» Bob Marley and the Wailers | Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene 301 «Street Fighting Man» | 300: «Black Dog» Led Zeppelin |
The Rolling Stones-singlar | |
---|---|
Decca- (UK) og London-singlar (US) | «Come On» · «I Wanna Be Your Man» · «Not Fade Away» · «It's All Over Now» · «Tell Me» / «I Just Want to Make Love to You» · «Time Is on My Side» · «Little Red Rooster» · «Heart of Stone» · «The Last Time» · «(I Can't Get No) Satisfaction» · «Get Off of My Cloud» · «As Tears Go By» · «19th Nervous Breakdown» / «As Tears Go By» · «Paint It Black» · «Mother's Little Helper» / «Lady Jane» · «Have You Seen Your Mother, Baby, Standing in the Shadow?» · «Let's Spend the Night Together» / «Ruby Tuesday» · «We Love You» / «Dandelion» · «In Another Land» · «She's a Rainbow» · «Jumpin' Jack Flash» · «Street Fighting Man» · «Honky Tonk Women» / «You Can't Always Get What You Want» |
Rolling Stones/ Atlantic-singlar | «Brown Sugar» · «Wild Horses» · «Tumbling Dice» · «Happy» · «Angie» · «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)» · «It's Only Rock 'n Roll (But I Like It)» · «Ain't Too Proud to Beg» · «Fool to Cry» · «Hot Stuff» |
Rolling Stones | «Miss You» · «Beast of Burden» · «Respectable» · «Shattered» · «Emotional Rescue» · «She's So Cold» · «Start Me Up» · «Waiting on a Friend» · «Hang Fire» · «Going to a Go-Go» (live) / «Beast of Burden» (live) · «Time Is on My Side» (live) · «Undercover of the Night» · «She Was Hot» · «Too Much Blood» · «Harlem Shuffle» · «One Hit (To the Body)» · «Mixed Emotions» · «Rock and a Hard Place» · «Almost Hear You Sigh» · «Highwire» · «Ruby Tuesday» (live) · «Jumpin' Jack Flash» (live) / «Tumbling Dice» (live) |
Virgin-singlar | «Love Is Strong» · «You Got Me Rocking» · «Out of Tears» · «I Go Wild» · «Like a Rolling Stone» (live) · «Wild Horses» (live) · «Anybody Seen My Baby?» · «Saint of Me» · «Out of Control» · «Don't Stop» · «Streets of Love» · «Rain Fall Down» · «Biggest Mistake» |
Universal-singlar | «Plundered My Soul» · «No Spare Parts» · «Doom and Gloom» · «One More Shot» |
Andre land | «Let It Bleed» (Japan) · «Rocks Off» (Japan) · «Star Star»(Frankrike, Tyskland) |