Åse Kleveland
Åse Kleveland | |
| Fødd | 18. mars 1949 Stockholm |
| Yrke | songar, politikar, låtskrivar |
Åse Kleveland på Commons | |
Åse Maria Kleveland (fødd 18. mars 1949 i Stockholm) er ein svensk–norsk kulturarbeidar, politikar og songar. Ho har sidan 2007 vore styreleiar i Human-Etisk Forbund.
Åse Kleveland budde i Noreg frå 1957 og medverka i norsk fjernsyn og radio frå 1959. Frå 1990 til 1996 var Kleveland norsk kulturminister i Gro Harlem Brundtland si regjering. Frå 1999 til 2005 var ho direktør for Svenska filminstitutet, og frå 2006 til 2012 var ho direktør for dei norske Rikskonsertane. 10. juni 2007 vart Kleveland samrøystes vald til styreleiar for Human-Etisk Forbund.
Innhaldsliste
1 Karriere som musikar
2 Private tilhøve
3 Åse Kleveland som deltakar i Melodi Grand Prix
4 Sjå òg
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Karriere som musikar |
Åse Kleveland debuterte i Hylands Hörna og turnerte verda rundt. Eit par år spelte ho teater i Stockholm, deretter gitar i Noreg. «Intet er nytt under solen», framført av Kleveland og skriven av Arne Bendiksen, vann norsk Melodi Grand Prix i 1966 og kom på 3. plass i den internasjonale finalen same året. Ho var programleiar for Eurovision Song Contest 1986 i Bergen, etter at Bobbysocks hadde vunne for Noreg året før.
Åse Kleveland var medlem i visegruppa Ballade!. Som songar er ho kjent for sin mørke og sjelfulle stemme. Ho både syng og spelar gitar og har komponert songar i visetradisjonen.
Private tilhøve |
Kleveland er gift med Oddvar Bull Tuhus. Ho har tidlegare vore gift med den svenske biletkunstnaren Svenolov Ehrén, frå 1972 til 1982.
Ho er dotter til norske Olaf Kleveland frå Evje og svenske Eva Maria. Far hennar, Olaf Kleveland, kom til Sverige i 1943 som flyktning og budde der saman med kone og barn heilt til dei i 1956 flytta til Noreg og etter kvart til Romerike. Han fekk arbeid på Institutt for atomenergi på Kjeller.[1]
Åse Kleveland som deltakar i Melodi Grand Prix |
| År | Tittel | Plassering i den norske finalen | Plassering i den internasjonale finalen |
|---|---|---|---|
1966 | «Gi meg fri» | Nr. 2 | |
1966 | «Intet er nytt under solen» | Nr. 1 | Nr. 3 |
Sjå òg |
- Åse Kleveland-songar
Kjelder |
↑ [1]
Bakgrunnsstoff |
- Biografi på Stortinget.no
- Svenska filminstitutet
- Rikskonsertene
Det suser i serken (portrett) (Dagbladet, 2005)
Føregangar Lill Lindfors | Programleiar for Eurovision Song Contest 1986 | Etterfylgjar Viktor Lazlo |
Norske kulturministrar | |
|---|---|
Lars Roar Langslet (1981–86) · Hallvard Bakke (1986–89) · Eleonore Bjartveit (1989–90) · Åse Kleveland (1990–96) · Turid Birkeland (1996–97) · Anne Enger Lahnstein (1997–99) · Åslaug Haga (1999–2000) · Ellen Horn (2000–01) · Valgerd Svarstad Haugland (2001–05) · Trond Giske (2005–09) · Anniken Huitfeldt (2009–2012) · Hadia Tajik (2012–13) · Thorhild Widvey (2013–15) · Linda Hofstad Helleland (2015–18) · Trine Skei Grande (2018–) |
Noreg i Eurovision Song Contest | |||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||||||||
| |||||||||||||||
| |||||||||||||||
Eurovision Song Contest 1986 | |
|---|---|
Grieghallen · Åse Kleveland · Egil Monn-Iversen · John Andreassen · Frank Naef · Welcome to Music · Sissel Kyrkjebø · Steinar Ofsdal · Sang til Bergen · Oppi Fjellveien · Kringkastingsorkesteret | |
Sjå òg malane for land, deltakarar, songar, låtskrivarar og poengutdelarar |
Programleiarar for Eurovision Song Contest | |
|---|---|
|
Programleiarar for Melodi Grand Prix | |
|---|---|
Erik Diesen og Odd Gythe (1960) · Erik Diesen og Odd Gythe (1961) · Erik Diesen og Odd Gythe (1962) · Odd Gythe (1963) · Odd Gythe (1964) · Odd Gythe (1965) · Øivind Bergh (1966) · Jan Voigt (1967) · Jan Voigt (1968) · Janka Polyani (1969) · Jan Voigt (1971) · Vidar Lønn-Arnesen (1972) · Vidar Lønn-Arnesen (1973) · Vidar Lønn-Arnesen (1974) · Bergljot Engeset (1975) · Jan Voigt (1976) · Vidar Lønn-Arnesen (1977) · Egil Teige (1978) · Egil Teige (1979) · Åse Kleveland (1980) · Sverre Kjelsberg (1981) · Ivar Dyrhaug (1982) · Ivar Dyrhaug (1983) · Sissel Keyn Lodding (1984) · Rita Westvik (1985) · Jarl Goli (1986) · Eldbjørg Vaage (1987) · Dan Børge Akerø (1988) · Øystein Bache (1989) · Leif Erik Forberg (1990) · Elisabeth Andreasson og Jahn Teigen (1992) · Ingunn Kyrkjebø (1993) · Tande-P (1994) · Petter Nome (1995) · Tande-P (1996) · Tande-P (1997) · Øystein Bache og Rune Gokstad (1998) · Øystein Bache og Rune Gokstad (1999) · Hans Christian Andersen og Stine Buer (2000) · Hans Christian Andersen (2001) · Øystein Bache (2003) · Ivar Dyrhaug (2004) · Ivar Dyrhaug (2005) · Synnøve Svabø og Stian Barsnes Simonsen (2006) · Synnøve Svabø og Stian Barsnes Simonsen (2007) · Per Sundnes (2008) · Maria Haukaas Storeng og Per Sundnes (2009) · Marte Stokstad og Per Sundnes (2010) · Anne Rimmen og Per Sundnes (2011) · Marte Stokstad og Per Sundnes (2012) · Jenny Skavlan og Erik Solbakken (2013) · Jenny Skavlan og Erik Solbakken (2014) |
|