Flikfuglar































Flikfuglar



Salflikfugl, Philesturnus carunculatus Foto: Duncan Wright
Salflikfugl, Philesturnus carunculatus
Foto: Duncan Wright


Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Passeriformes

Familie:
Callaeidae

Artar


  • Gråflikfugl, Callaeas cinereus

    • Salflikfugl, Philesturnus carunculatus



  • Flikfuglar er ein liten biologisk familie av sporvefuglar, Callaeidae, òg namngjeve Callaeatidae. Familien er endemisk til New Zealand. Det finst berre to nolevande artar i familien, ein tredje art døydde ut tidleg på 1900-talet. Begge nolevande artar, gråflikfugl og salflikfugl, er trua artar, trugsmåla kjem først og fremst frå introduserte artar av pattedyr som rotter, mårdyr og klatrepungdyr.



    Skildring |





    Svartflikfugl, Heteralocha acutirostris, utdøydd ca. 1910


    Dei to overlevande artane er 26-38 cm i lengd og lever bakkenært av insekt i tett skog. Dei har sterke bein og fjørlause hudfliker bak nebbet. Vengene er avrunda og uvanleg svake, noko som gjev dei mykje avgrensa flygeeigenskapar. Flikfuglar er monogame og forsvarer faste territorium.[1]Svartflikfugl eller huja, Heteralocha acutirostris, var ein noko større art på Nordøya, i svart fjørdrakt med oransje hudfliker. Arten er rekna som utdøydd frå ca. år 1910.[2]


    Denne fuglegruppa kan vere restar av ein tidleg ekspansjon av sporvefuglar til New Zealand. Dei har ingen nærskylde unntatt stitsjfugl, meir fjerne relasjonar er framleis ukjente.[3]



    Kjelder |



    • Denne artikkelen bygger på «Callaeidae» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2010



    Referansar |





    1. Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 225. ISBN 1-85391-186-0. 


    2. «Huja». Store norske leksikon. Henta 20. november 2010. 


    3. Ewen, John G.; Flux, Ian; Ericson, Per G.P. (2006-01-23). «Systematic affnities of two enigmatic New Zealand passerines of high conservation priority, the hihi or stitchbird Notiomystis cincta and the kokako Callaeas cinerea» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution 40 (2006): 281–284. 




    Bakgrunnsstoff |



    • Videoar, lydopptak og bilete av flikfuglar hos Internet Bird Collection



    Popular posts from this blog

    Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

    Waikiki

    What are all the squawk codes?