Helsevesen






Sjukepleiar og barnepasient ved Universitäts-Kinderklinik i Bonn i 1953.


Helsevesenet er dei samla private og offentlege helsetenestene, -institusjonane og -lovane til eit samfunn. Helsevesen har til føremål å førebyggja, diagnostisera og behandla sjukdom og skader og gje omsorg til pasientar.




Innhaldsliste






  • 1 Soge


  • 2 Helsevesenet i Noreg


  • 3 Sjå òg


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Soge |


Historisk dreiv kloster og kyrkjer helseintitusjonar som hospits og fattighus. I tidleg moderne tid byrja utviklinga av statlege helsevesen. I Danmark-Noreg fekk ein først ein lege med universitetsutdanning (physicus eller medicus) i kvart stift, deretter i kvart amt og så i kvar kommune. Ein oppretta etterkvart andre offentlege stillingar for helsearbeidarar, som sertifiserte jordmødrer og chirurgici (tidlege kirurgar).[1]


Moderne velferdsstatar utvikla offentlege helsevesen som gjorde helsetenester tilgjengelege for alle innbyggjarane sine. Eit av dei første og største av desse er National Health Service i Storbritannia, som blei skipa i 1948. Dette helsevesenet har over 1,7 millionar tilsette og dekkjer over 63,2 millionar moglege brukarar.[2]



Helsevesenet i Noreg |


Det norske helsevesenet er ein av dei største samfunnssektorane i landet
I 2002 utgjorde utgiftene til helsevesenet 8,7 % av BNP og stod for over 155 000 årsverk.[3]


Helsevesenet er inndelt i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Kommunane har ansvaret for primærhelsetenesta i sitt geografiske område.
Ansvaret for spesialisthelsetjenesta i Noreg er delt inn i fire regionar som kvart har eit regionalt helseføretak:



  • Helse Nord

  • Helse Sør-Aust

  • Helse Vest

  • Helse Midt-Noreg



Sjå òg |



  • Ambulanse

  • Legevakt

  • Sjukehus

  • Vaksine



Kjelder |






  1. Greve, Marit & Hovind, Ole B. «Helsevesenets historie» (31. januar 2012), Store norske leksikon.




  2. «About the National Health Service (NHS)»




  3. Braut, Geir Sverre. «Helsevesenet» (10. juni 2014), Store medisinske leksikon.





  • Delar av denne artikkelen bygger på «Helsevesen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2014.



Bakgrunnsstoff |




  • Ole Georg Moseng Det offentlige helsevesen i Norge - Ansvaret for undersåttenes helse 1603-1850, 2003 ISBN 9788215003481


  • Aina Schiøtz Det offentlige helsevesen i Norge - Folkets helse - landets styrke 1850-2003, 2003 ISBN 9788215003498


  • Ny oversikt over det norske helsesystemet – omtale av rapporten «Norway – Health system review», Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten

    Spire Denne medisinartikkelen som har med samfunn å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva