Frøyland




Frøyland er ein matrikkelgard i Time kommune på Jæren i Rogaland fylke. Første gong Frøyland vert nemnd i skriftlege kjelder er i 1379 og opphavleg form var Frøyjutland. Stadnamnet Frøyland kjem av den norrøne guden Frøy, som er guden for grøde og vokster [1]. I førkristen tid trur historikarar at det kan ha vore ein heidensk heilagdom, kanskje eit hov på Frøyland som kan ha samla folk også frå grannelaget[2].




Frøylandsvatnet frå Kleppsida mot Frøyland.


Frøyland ligg nedtil det nesten 1 mil lange Frøylandsvatnet. Området består av store, fruktbare jordbruksområde og bustadområde. Frøyland utgjer den største delen av arealet på tettstaden Kvernaland. Opphavleg låg tettstaden godt innanfor grensene til Frøyland. Men litt etter litt voks tettstaden over til grannegardane og over kommunegrensa til Orstad[3].


Ved Frøylandsåna på Frøyland starta Ole Gabriel Kverneland si første smie som blei opptakten til O.G. Kvernelands Fabrik (Kverneland Group). I dag er den opphavlege smia eit museum.


Frøyland IL er eit aktivt idrettslag for området, med Frøyland Stadion som heimebane. Frøyland er også namnet på skulekrinsen for tettstaden.


Frøyland og Orstad kyrkjelyd er den fyrste kyrkjelyden innan Den norske kyrkja som utgjer eit eige sokn på tvers av kommunegrenser. I desember 2008 blei Frøyland og Orstad kyrkje ferdigstilt. Kyrkja er plassert på Orstad, rett ved grensa til Frøyland.


Det har vore fleire periodar med diskusjon om namnet på tettstaden. Sjå meir om dette på Kvernaland.



Kjelder |



Fotnotar |





  1. Lindanger & Waula 2003, s. 208


  2. Lindanger & Waula 2003, s. 207


  3. Lindanger & Waula 2003, s. 207




Bibliografi |



  • Lindanger, Birger; Waula, Jørg Eirik (2003), Time gard og ætt IV, Time kommune 

    Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva