Sunderland Association Football Club er ein engelsk fotballklubb skipa i 1879 og med tilhald i den nord-engelske byen Sunderland. Klubben vart profesjonell i 1885, og vart teken inn i ligaen i 1890. Klubben heldt plassen i øvste divisjon til 1958, noko som lenge var engelsk rekord i samanhengande toppseriespel.
Frå 1886 til 1898 var heimebana Newcastle Road. Frå 1898 heldt klubben til på Roker Park. Klubben flytta til nybygde Stadium of Light i 1997. Heimebana har publikumskapasitet på rundt 49000.
Klubben rykte opp til FA Premier League i 2005, og ned att til Football League Championship i 2006, med nytt opprykk i 2007.
Innhaldsliste
1Merittar
2Spelarstall
3Referansar
4Bakgrunnsstoff
Merittar |
Trofè
Antall
År
Ligameister
5
1892, 1893, 1895, 1902, 1913, 1936
FA-cupmeister
7
1937, 1973
Spelarstall |
Oppdatert 8. september 2016[1]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...