Stord lufthamn, Sørstokken

Multi tool use

Stord lufthamn, Sørstokken
Stord lufthamn, Sørstokken er ein kortbaneflyplass som ligg på vestsida av øya Stord. Flyplassen vert nytta av folk frå heile Sunnhordland, og er eigd av Stord kommune og Hordaland Fylkeskommune.
Rullebanen på Stord lufthamn er 1460 meter lang.
Frå Stord har det sidan flyplassen vart opna i 1985 gått fly til Oslo fleire gonger i veka. I periodar har det òg gått ruter til andre stader. På midten av 2000-talet hadde flyplassen ein stor auke i trafikken, først og fremst på grunn av trafikken som Aker Kværner Stord hadde med prosjekta Snøhvit og Ormen Lange. Desse turane gjekk med charterfly frå Atlantic Airways. Flya frå Atlantic er dei einaste jetflya som har vore i bruk på flyplassen. I 2006 gjekk det passasjerfly frå Stord til Oslo, Molde, Alta, Stavanger England og Færøyane. Etter ulukka i 2006 slutta Aker Kværner å senda fly via Stord. I dag går det ruter til Oslo og Gdansk. Flyplassen hadde i 2007 eit passasjertal på 26 373.
I 2002 fekk Stord lufthamn Stord kommune sin målpris.
Stord lufthamn er truga av økonomiske vanskar, etter at flyplassen mista charterturane for Aker Kværner Stord, og i tillegg fekk strengare krav frå luftfartsstyresmaktene. Luftfartstilsynet krev at flyplassen skal byggja ny brannstasjon og nytt kontrolltårn. Det har ikkje lukkast lokalpolitikarane og flyplassleiinga å få Stortinget til å løyva midlar til dette. Styret for lufthamna vedtok bygging av ny brannstasjon i desember 2007. Etter at Coast Air gjekk konkurs og innstilte drifta, er framtida for flyplassen enno meir uviss.
Den 12. oktober 1998 styrta eit fly ved Stord lufthamn. I flyet var det ni personar, alle omkom. Åtte år seinare, 10. oktober 2006 glei eit Atlantic Airways-fly av rullebanen ved landing og fire av dei 16 som var om bord omkom. Båe ulukkesflya frakta arbeidarar som skulle jobba for Aker Kværner Stord.
Bakgrunnsstoff |
- Heimesida til Stord lufthamn
- Lokal kamp for løyvingar til naudsynte utbetringar
- Ulukka i oktober 2006
Flyplassar i Hordaland
|
Bergen helikopterplass, Grønneviksøren · Bergen lufthamn, Flesland · Bergen sjøflyplass, Sandviken · Fedje helikopterplass, Høgda · Kinsarvik helikopterplass, Vetlemoen · Os flyplass, Vaksinen · Voss flyplass, Bømoen · Voss sjøflyplass, Vangsvatnet · Rosendal sjøflyplass · Stord lufthamn, Sørstokken
|
IRpKDL,miO4ZmhDDd8v2,t1SsR4dqjjx9cvzU
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...