Born on the Bayou




































Born on the Bayou
Song av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Bayou Country


Utgjeve
5. januar 1969

Innspelt
seint 1968, RCA Studios i Los Angeles i California

Sjanger

Swamp-rock, roots-rock, acidrock

Lengd
5:16

Selskap

Fantasy

Låtskrivar(ar)

John Fogerty

Produsent

John Fogerty

«Born on the Bayou» er opningssporet på det andre albumet til Creedence Clearwater Revival, Bayou Country. Han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Proud Mary», som nådde andreplassen på Billboard-lista i USA.


Som låtskrivar sa John Fogerty:






«
«Born on the Bayou» var minna om «Porterville», om ein mytisk barndom og ei heit tid, 4. juli. Eg sette han til sumpen, der eg sjølvsagt aldri har levd. Eg prøvd å vere ein rein forfattar, utan gitar i handa, og visualiserte og såg på dei nakne veggane i leiligheita mi. Små leiligheiter har herlege, nakne veggar, særleg når du ikkje har råd til å henge noko opp på dei. «Chasing down a hoodoo». Hoodoo er ein magisk, mytisk, andeleg, ikkje-definert skapning, som eit spøkelse eller ein skugge, ikkje nødvendigvis vond, men utan tvil av ei anna verd. Eg fekk delvis dei bileta frå Howlin' Wolf og Muddy Waters.
»

«Born on the Bayou» er eit døme på 'swamp-rock', ein sjanger som er assosiert med John Fogerty, Little Feat/Lowell George, The Band, Canned Heat, J.J. Cale, The Doobie Brothers og Tony Joe White. Gitaren i introen er stilt inn på overdrive med ein langsam vibrato frå forsterkaren. Fogerty nytta ein halvakustisk gitar med humbucker (som vart stolen frå bilen hans kort tid etter innspelinga av dette sporet). E7-akkorden gjev songen ein sterk sørstatsblues-kjensle. For mange har vokalprestasjonen på dette sporet vore noko av det beste John Fogerty har gjort, medan heile songen er rekna som ein av dei beste av Creedence.[treng kjelde] «Born on the Bayou» vart nytta som opningsspor på dei fleste av konsertane til CCR og var ein signaturlåtane deira.



Andre versjonar |


Tina Britt spelte ein versjon av songen kalla «Born on a Bayou» i 1969.


«Born on the Bayou» vart spelt av Bad Habits, Little Richard i 1971 på albumet King of Rock and Roll, og av Francis Cabrel i 2008 på albumet Des roses et des orties, som «Né dans le Bayou». Ein annan fransk versjon («Dans Le Bayou») skriven av Jean Fauque vart sungen av Johnny Hallyday i 1996 på albumet Destination Vegas. Han er òg vorte spelt av Foo Fighters og gjeve ut i lag med «Resolve» i 2006. Ein versjon av The Broken Homes vart nytta i filmen Born on the Fourth of July (1989).


Songen er nytta i The Return of Swamp Thing, John Woo-filmen Hard Target og Adam Sandler-filmen The Waterboy. Det finst òg eit kort klipp av songen i filmen Stop-Loss.


Roger Daltrey frå The Who har fortalt korleis han har elska songen sidan han høyrte han på Woodstockfestivalen, og spelar han ofte på solokonsertane sine. Han vart stundom spelt av The Who på turneen deira i 1989 òg.


Ratt spelte ein versjon av songen på albumet deira med same namn.


Daughtry, Slash og Chad Kroeger spelte songen i 2008



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Born on the Bayou» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2013.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva