Usyra brød
Handlaga maṣṣá sjemurá. (Foto: Yoninah)
Usyra brød er brød baka utan surdeig eller gjær. Usyra brød er eigentleg ei form for flatbrød, men i religiøs samanheng meiner ein brød som minner om brødet jødane i all hast måtte baka før utferda frå Egypt. 
- Ein massá (hebr. מַצָּה maṣṣā) er usyra brød bruka ved jødisk feiring av Pesah.
 - Ein nattverdsoblat er usyra brød framstilt for utdeling ved nattverd i kyrkja.
 
I Bibelen vert påska kalla høgtida med usyra brød;[1] i eldre omsetjingar søtebrødhelgi.
No leid det nær innåt søtebrødhelgi, som dei kallar påske. Luk. 22,1 i Studentmaallaget si bibelumsetjing  | 
Referansar | 
↑ Luk. 22,1
Bakgrunnsstoff | 
  |