DS «Southern Cross»
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Pollux» |
Verft: | Colin Archer, Svinodden verft, Arendal |
Sjøsett: | 1886 |
Karriere | Storbritannia |
Namn: | DS «Southern Cross» |
Eigar: | Carsten Borchgrevink |
Sett i teneste: | 1898-1900 |
Karriere | Canada |
Namn: | DS «Southern Cross» |
Eigar: | Newfoundland Sealing Company |
Lagnad: | Forlist april 1914 ved Newfoundland |
Generelle mål | |
Type: | Selfangstskute |
Tonnasje: | 521 brt |
Lengd: | 44.7 |
Breidd: | 9.3 |
Installert effekt : | 360 bhp |
Framdrift: | Trippel ekspansjon dampmaskin |
Seglplan: | tremasta bark |
DS «Southern Cross» ('engelsk for 'Sørkrossen') var ei dampdriven ishavsskute på 521 brt som var konstruert av Colin Archer og bygget i 1886 ved Svinodden verft i Arendal. Som sedvanlig for ishavsskuter av denne typen var ho konstruert med oppbygd bru bak skorsteinen, der rekkverket var dekt med seglduk for å gje ekstra vern. Som selfangstskute gjekk skipet under namnet «Pollux», men i 1898 vart det seld som ekspedisjonsskip til antarktispioneren Carsten Borchgrevink og omdøypt «Southern Cross».
Den 30. juli 1898 la «Southern Cross» ut frå Kristiania med kurs for London, der den offisielle avreisa til Southern Cross-ekspedisjonen, den første ekspedisjonen som overvintra på det antarktiske kontinentet, fann stad 22. august. Reisa sørover gjekk via Madeira og St. Vincent med ankomst Hobart på Tasmania i slutten av november. Den 19. desember fortsette reisa sørover mot Antarktis, og etter å ha strevd i isen i 43 dagar kom ekspedisjonen fram til Kapp Adare 19. februar 1899. Den 1. mars returnerte «Southern Cross» til Australia, medan ei gruppe på ti mann vart igjen for å overvintre ved Kapp Adare. Den 28. januar 1900 var «Southern Cross» tilbake for å plukke opp dei etterlatne ekspedisjonsmedlemmane. Deretter segla dei langs Rossbarrieren i 645 km før dei returnerte til Australia.
Etter Southern Cross-ekspedisjonen vart skipe seld til Newfoundland Sealing Company. I april 1914 forliste det med heile besetninga på 173 utanfor Newfoundland.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «DS «Southern Cross»» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Paine, Lincoln P. (2000). Ships of discovery and exploration. New York: Mariner Books. ISBN 0-395-98415-7.
Vogt, David (2008). Vår glemte polarhelt - Carsten Borchgrevink og Southern Cross-ekspedisjonen 1898–1900. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-29138-8.
Den heroiske tidsalderen for antarktisutforsking | |
---|---|
Ekspedisjonar | Belgica-ekspedisjonen 1897–99 · Southern Cross-ekspedisjonen 1898–1900 · Discovery-ekspedisjonen 1901–04 · Gauss-ekspedisjonen 1901–03 · Den svenske antarktisekspedisjonen 1901–03 · Scotia-ekspedisjonen 1902–04 · Den første Charcotekspedisjonen 1903–05 · Nimrod-ekspedisjonen 1907–09 · Den andre Charcotekspedisjonen 1908–10 · Den japanske antarktisekspedisjonen 1910–12 · Fram-ekspedisjonen 1910–12 · Terra Nova-ekspedisjonen 1910–13 · Den andre tyske antarktisekspedisjonen 1911–13 · Den australasiatiske antarktisekspedisjonen 1911–14 · Endurance-ekspedisjonen 1914–17 · Shackleton–Rowett-ekspedisjonen 1921–22 |
Folk | Roald Amundsen · Carsten Borchgrevink · William Bruce · Jean-Baptiste Charcot · Erich von Drygalski · Wilhelm Filchner · Adrien de Gerlache · Douglas Mawson · Otto Nordenskjöld · Robert Falcon Scott · Ernest Shackleton · Nobu Shirase |
Fartøy | «Antarctic» · «Aurora» · «Belgica» · «Deutschland» · «Discovery» · «Endurance» · «Fram» · «Français» · «Gauss» · «Kainan Maru» · «Morning» · «Nimrod» · «Pourquoi-Pas?» · «Quest» · «Scotia» · «Southern Cross» |
Stader | Elefantøya · Hope Bay · Hut Point · Hvalbukta · Inexpressible Island · Kapp Adare · Kapp Crozier · Kapp Denison · Kapp Evans · Kapp Royds · Laurie Island · Paulet Island · Petermann Island · Port Charcot · Seymour Island · Snow Hill Island · Sørpolen · Vahselbukta |
Sjå òg: Liste over antarktisekspedisjonar · Historiske stader og kulturminne i Antarktis |