Hans Peter L'Orange































Hans Peter L'Orange
HansPeterLOrange.JPG

Fødd
2. mars 1903
Christiania
Død
5. desember 1983
Nasjonalitet Noreg
Yrke
kunsthistorikar, antropolog, arkeolog, universitetslærar
Institusjonar Universitetet i Oslo
Medlem
Deutsches Archäologisches Institut
Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Hans Peter L'Orange (2. mars 1903–5. desember 1983) var ein norsk arkeolog og kunsthistorikar.




Innhaldsliste






  • 1 Utdanning


  • 2 Forsking


  • 3 Verk


  • 4 Kjelder





Utdanning |


L'Orange voks opp i Oslo. Etter examen artium i 1921 gjekk han gjennom Krigsskulen i 1922. Deretter studerte han kunsthistorie og gresk, vart magister i filosofi i 1927 og til slutt dr.philos. i 1933 på ei avhandling om historia til det seinantikke portrettet. Frå 1930-36 var han universitetsstipendiat, men var busett i Roma frå slutten av 20-åra til den andre verdskrigen braut ut. Frå 1942 var han professor i klassisk arkeologi ved Universitetet i Oslo i over 30 år, fram til 1973 då han gjekk av med pensjon. Forøvrig var han gjesteprofessor ved Harvard University's Dumbarton Oaks Library i Washington D.C. i 1950 og ved Johns Hopkins University i Baltimore frå 1966–67.



Forsking |


Som forskar utmerka han seg særleg ved å studera perioden mellom antikken og mellomalderen. Han arbeidde mykje med å studera det sein-antikke portrettet, Konstantinsbogen, hellenistisk og romersk herskarkult, mosaikk, skulpturfunna i Sperlonga og ei rikt utsmykt langobardisk kyrkje i Cividale i Nord-Italia, kalla Tempietto.
L'Orange var den viktigaste drivkrafta bak skipinga av Det norske institutt i Roma i 1959, i samarbeid med arkeologen Hjalmar Torp og private sponsorar. L'Orange var styrar for instituttet frå 1959–73.


L'Orange gav ut ei lang rekkje bøker og mange artiklar. Ved sida av dei vitskaplege utgjevingane sine, skreiv han òg meir populærvitskaplege skrifter, der han med god forteljarevne fokuserte på samanhengen mellom ulike kulturfenomen. I 1969 vart han tildelt Norsk kulturråds ærespris. L'Orange døydde i Oslo i 1983.



Verk |


(utval)




  • Studien zur Geschichte des spätantiken Porträts (1933, dr.avh.) (i samarbeid med A. von Gerkan)


  • Der spätantike Bildschmuck des Konstantinsbogens (1939)


  • Fra antikk til middelalder (1943)


  • Apotheosis in Ancient Portraiture (1947)


  • Keiseren på himmeltronen (1949)


  • Studies on the Iconography of Cosmic Kingship in the Ancient World (1953), (i samarbeid med P. J. Nordhagen)


  • Mosaikk fra antikk til middelalder (1958),


  • Mot middelalder (1963),


  • Art Forms and Civic Life in the Late Roman Empire (1965)


  • Romerske keisere i marmor og bronse (1967), (i samarbeid med Hjalmar Torp o.a.)


  • Il tempietto longobardo di Cividale (1977),


  • Oldtidens bygningsverden (1978),



Kjelder |




  • Store Norske Leksikon om L'Orange.

  • Utdjupande artikkel om L'Orange, skriven av Kristin Eliassen for Norsk Biografisk Leksikon.






  • Denne artikkelen bygger på «Hans Peter L'Orange» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2010.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva