Henrik Johan Bull
Henrik Johan Bull  | |
| Fødd | 13. oktober 1844 Stokke  | 
| Død | 1. juni 1930  | 
| Yrke | oppdagar  | 
Henrik Johan Bull (fødd 13. oktober 1844 i Stokke, død 1. juni 1930 i Oslo) var ein norsk forretningsmann og skipsreiar.
I perioden 1893–1895 leia han ein ekspedisjon til Antarktis med skipet «Antarctic», finansiert av Svend Foyn, for å leite etter førekomstar av rettkvalar. Skipet vart utstyrt med elleve harpunkanoner, eksplosiv, åtte kvalbåtar og eit mannskap på 31. 
19. januar 1895 gjekk ei gruppe frå ekspedisjonen i land på Foyn Island. Fem dagar seinare vart ein båt med åtte mann, inkludert Bull, kaptein Leonard Kristensen, Carsten Borchgrevink og Alexander von Tunzelmann sendt i land på Kapp Adare på det antarktiske fastlandet. På det tidspunktet trudde dei at dei var dei første til å setje fot på det antarktiske kontinent, men det vart seinare klårt at selfangaren John Davis hadde påstått å ha gått i land på Antarktishalvøya alt i 1821. Denne påstanden er likevel omstridt.
Kjelder | 
Denne artikkelen bygger på «Henrik Johan Bull» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
 
- Henrik Johan Bull (1898) Sydover. Ekspeditionen til Sydishavet i 1893-1895, Det norske aktieforlag, Kristiania
 - Per Gramsborg. «The first man to have set foot on the Antarctic continent». I: The Norseman, nr 2 (1992)
 
Bakgrunnsstoff | 
- Norsk biografisk leksikon
 
  |