William

Multi tool use
Multi tool use




William er eit engelsk mannsnamn som er mykje bruka i store delar av verda. Det er den engelske forma av namnet Vilhelm, og stammar frå normannisk.
William har norsk namnedag den 28. mai.


Namnet blei innført til England av normannarane, som Vilhelm erobraren eller William the Conqueror. I dei først hundre åra etter den normanniske erobringa av England blei det det vanlegaste mannsnamnet i landet.[1]


På engelsk blir namnet ofte erstatta med kortformer i daglegtalen — til dømes Willy eller Billy (mest som kjælenamn for born) eller Will/Bill (særleg for vaksne). Liam er ei irsk kortform av namnet.


Namnet finst i ulike former på andre språk, til dømes Vilhelm, Wilhelm og Willem i germanske område, og Guillaume på fransk. Fleire kongar har bore namnet.



Kjende namneberarar |




  • William av Ockham, tidleg engelsk filosof


  • William Wallace (1270-1305), skotsk folkehelt


  • William Tyndale (1484-1536), engelsk prest og bibelomsetjar


  • William Byrd (1540-1623), engelsk renessansekomponist


  • William Shakespeare (1564-1616), engelsk dramatikar


  • William Penn (1644-1718), kveker og amerikansk deltsatsgrunnleggjar


  • William Herschel (1738-1822), engelsk astronom og komponist


  • William Wordsworth (1770-1850), engelsk forfattar


  • William Thomson Kelvin (1824-1907), engelsk fysikar


  • William McKinley (1843-1901), president i USA

  • William H. Bonney (1859-1881), amerikansk gangster, sjå Billy the Kid


  • William Butler Yeats (1865-1939), irsk diktar


  • William Nygaard (1865-1952), norsk forleggjar og politikar


  • William Faulkner (1897-1962), amerikansk forfattar og nobelprisvinnar


  • William Golding (1911-1993), engelsk forfattar og nobelprisvinnar

  • William Jefferson Clinton (f. 1946), amerikansk president, sjå Bill Clinton

  • William Henry Gates III (f. 1955), amerikansk data- og forretningsmann, sjå Bill Gates


  • Prins William av Wales, (f. 1982)



Kjelder |






  1. Hanks, Patrick, Kate Hardcastle og Flavia Hodges (2006), «William», A Dictionary of First Names, Oxford University Press, henta 3. februar 2016  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)





Bakgrunnsstoff |



  • Søk etter norsk namnestatistikk for William hjå Statistisk Sentralbyrå

    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




0zVPR7b0aiz FxUif0zdB8pX 5BUW,Szh a54kaA,mQ9 YVVcZfotadew6cndtoBQ7NOp17D7Xh030tm93yS1dSu1TpY0XA
vmK1R,i98DP,PpveG9q5NdBiiSB3vTu65Qo rCc58VdX i2vFqnR1l

Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Zirkonium