Sjernarøy kyrkje
Koordinatar: 
| Sjernarøy kyrkje | |
kyrkje  | |
| Bispedøme | Stavanger  | 
|---|---|
| Prosti | Tungenes  | 
| Sokn | Sjernarøy  | 
| Stad | Kyrkjøy | 
| Periode | Renessanse  | 
| Teknikk | Lafting  | 
| Material | Tre  | 
| Sitjeplassar | 160 | 
Sjernarøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1636 i Finnøy kommune i Rogaland. Kyrkja ligg på Kyrkjøy i Sjernarøyane. Ho er ei freda kyrkje og har 160 plassar.
Kyrkja sett frå sida.
Byggverket er lafta i tømmer og er bygd i renessansestil. Ho har vindauge berre på sørsida, og taket er tekt med teglstein. Utanpå er kyrkja raudmalt, men opphavleg var ho tjørebreidd. Veggane og taket inne i kyrkja er pryda med rosemåling. Desse blei kvitkalka på 1800-talet, men er no restaurerte. På 1950-talet la ein også inn elektrisk lys og varme og isolerte bygget.
Ved kyrkja er det reist eit minnesmerke over forfattaren Alfred Hauge, som var frå Kyrkjøy.
Kjelder | 
Sjernarøy kyrkje på Kyrkjesøk
Sjernarøy kirke på Disnorge.no
Vis Sjernarøy kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren- Finnøy kyrkjelege fellesråd
 
Alf Henry Rasmussen (1993). «Sjernarøy kyrkje». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 425. ISBN 82-75-27022-7.
Kyrkjer i Tungenes prosti  | |
|---|---|
Askje · Fogn · Grødem · Hausken · Hesby · Kvitsøy · Randaberg · Ræge · Stjernarøy · Sola · Sørbø · Sørnes · Talgje · Tananger  | 
  |